På Foss ved Leirvik ligg det eit gammalt hus som har ein spennande og interessant historie. Du har kanskje køyrt forbi på vegen mellom Hyllestad mot Leirvik og lurt på kven som budde i det gamle huset som kan sjåast på andre sida av Stigestrandsvatnet.
Huset kan virke litt skummelt på avstand.
I dette huset budde det ei dame som hette Maria og far hennar. Dei levde eit heilt anna liv enn det vi gjer i dag. Maria måtte stelle faren fordi han var sjuk. Ho var sjuk sjølv og hadde ein fot kortare enn den andre. Ho var giktbroten og måtte ofte opp om nettene og fyre i ovnen for å lage varme omslag. Livet på Stigestranda må ha vore hardt, spesielt om vintrane. For å komme til naboen på Foss måtte dei bruke ei prame over vatnet.
Huset har sått tomt i over 50 år, og det berer det preg av.Huset er no så falleferdig at vi fekk berre gå inn to og to, og berre inn i gangen.
Endå kan ein sjå spor etter dei som levde på Stigestranda. Ute fann vi restar etter ein gamal ljå og gamle blader og aviser ligg der fortsatt. Etter at faren gjekk bort, levde Maria åleine på Stigestranda, heilt fram til slutten av 60-talet. Då var det slutt på slitet og livet på Stigestranda. Maria fekk leve sine siste dagar med folk rundt seg på aldersheimen.
Det var nok ikkje vanleg at trælane fekk like god mat som høvdingane. Denne måndagen skulle vi få kjenne litt på korleis det var…
Vi starta dagen med ei lita oppgåve. Franziska hadde lagt fram mange matvarer. Vi skulle velge kva vi trudde ein hadde av mat for 1000 år sidan.
Her steikjer vi brødet på ei steiketakke.
Så laga vi graut og bakte brød. I oppskrifta til grauten var det vatn, fløyte og havregryn, og i brøda var det vatn, havregryn og litt salt.
Høvding og trælar fekk ulik mat til måltida. Når vi skulle ete, blei det trekt namn frå ei skål med kven som skulle få sitte til bords med høvdingen, og kven som var trælar. Trælane fekk havregrynsgraut med vatn, medan høvdingen og dei han hadde til bords fekk fløyte i sin. Dei fekk også skinke og vørterøl. Trælane sin vørterøl var sjølvsagt utvatna.
Aron kosa seg ved høvdingens bord.Tarja Marie var dagens høvding.Trælane var kanskje litt misunnelege på høvdingen…
Fiske har vore ei viktig matkilde for folk i alle år. Fangstmetodar og reiskap har variert, men fiskekroken har vore eit nyttig reiskap heilt sidan steinalderen.
Ein av dei eldste fiskekrokane funne i Norge er 9000 år gammal (kilde: UiO). Forma har ikkje forandra seg mykje på alle desse åra. Men dei har vore laga av ulike materialar. I steinalderen var fiskekroken laga av horn, bein og tre. Seinare blei dei laga av jern. I dag er fiskekrokane laga av stål.
For tusen år sidan var fiskane som stod på menyen gjerne torsk, lange, sei, makrell og sild. I Myklebustelva, som er elva som renn gjennom Kvernsteinsparken, får ein ørret, også kalla kjø. Dei største vi fekk var ca 200 g. Reiskapen vi brukte var fiskestang med krok, snøre, søkke og agn. Som agn brukte vi meitemark til å lokke fisken.
Vi skal lage eit gjerde av einer slik dei har gjort i uminnelege tider. Men før ein kan byggje, trenge ein materiale. Då lyt ein til skogs.
Eit bilde av Dimitrij rett før han hadde litt uflaks i myra.
Einer, også kalla sprakje, har vore brukt til mykje. Hesjestaur, stavar, spaserstokkar, klavar til husdyr og gjerdemateriale er døme på bruksområde. Einene som vi finn denne gongen skal nyttast til gjerde, og det er viktig at ein får samla nok materiale før ein startar å byggje. Dei tynne einene er seige og enkle å bøye, og dei tjukke er egna til gjerdestolpar. Vi må ha nok av begge typane.
Den første gruppa var nede på Nes hos Ole Brekke for å finne einer. Der fann dei ein del, men ikkje så mange som kunne brukast til stolpar. Gruppe nr. 2 drog difor opp i Lia for å sjå om ein kunne finne material som var meir egna til dette.
Her har Aron funne ein dugande gjerdestolpe.Alle greiner og kvistar vert høgd av. Rydde opp att etter seg må ein òg.
Når alt materialet var samla, vart det kjørt til Kvernsteinsparken, lasta av og lagt klar til byggjing.
No har vi komme nokre veker inn i skuleprosjektet i Kversteinsparken. Denne gongen laga vi bål ved hjelp av tennstål, flint, tørka kjuke og bark.
Malin prøver å få gnist frå flint og tennstål.
Etter at vi fekk teken på å få gnist med tennstålet, som ikkje var så enkelt, slo vi gnist på kjuka slik at vi til slutt fekk ei glo. Kjuka, med den lille gloa, la vi inn i ein rull av bark frå ei bjørk, i lag med litt papir. Så blåste vi i rullen, slik at vi spreidde gnisten og den tok fyr. Det var ikkje akkurat så komfortabelt å blåse i rullen, men når vi ikkje pusta inn røyken, gjekk det fint.
Per Kristian bles i bjørkerullen.
Da vi hadde blese i bjørkerullen ei stund, fekk vi flamme. Vi hadde allereie laga klart til eit bål, som vi kunne legge rullane oppå. På biletet under ser du at rullane har tatt skikkeleg fyr.
Til slutt fekk vi fyr på bålet.
Vi har lært at kjuke kan brukast som ein type tennbrikett, men det krev ein del øving og arbeid å få fyr uten fyrstikker. Det var ganske enkelt å få gnist frå tennstålet, men å få fyr på kjuka var verre.
Kjuke er ein sopp som ein kan bruke til å få fyr på bålet med. Vi var på kjukejakt i området rundt Rønset der det skulle vere mykje av sorten.
Først måtte vi finne kjuke som ikkje var roten eller dårleg inni, er den det, vil han berre smuldre opp og kan ikkje brukast. Det tok ei stund og det var dårleg vèr, men til slutt fant vi ein del kjuke som var heilt fin. Når vi kom tilbake, skulle nokon kutte opp kjuka mens andre skulle sile lut. Etter at vi hadde skore opp kjuka og silt luten, tok vi kjuke og putta i lag med luten. Då skjer det ein kjemisk reaksjon som gjer at soppen vert enklare å tenne på. Luten og kjuka skulle stå i 24 timar. Før vi kunne bruke kjuka, måtte den bankast og tørkast. Kjuka blir ein slags tennbrikettar som dei brukte til å tenne bål med i gamle dagar.
Kjuke er ein sopp som veks på tre, ofte på bjørk som held på å rotne. Ein må tilarbeide kjuka før den kan brukast til å tenne opp med.
I steinalderen då ein ikkje hadde jern, måtte ein lage fiskekrokane av noko anna. Vi skulle prøve å lage fiskekrokar av horn og vertøyet vi skulle bruke, var flint.
Detta er spora vi skulle skjære med flinten.
Vi skulle skjære ut fiskekrokar som Per Kristian hadde laga spor til. Det vi skulle skjære det ut med, var flint. Du måtte vere tolmodig når du skulle skjære dei ut, for det tok veldig lang tid. Når du trudde du var ferdig, var det fortsatt eit lite stykke igjen. Og då kjente du at du blei utolmodig. So det var vanskelig å skjære ut.
Sånn såg flinten ut når vi hadde hogd den ut.
Etter ei stund fekk vi lov å hogge flint ut med vanlig rund stein. Dei fleste blei veldig skarpe, og nokon fekk ei form som kunne brukast til pilspiss.
No har vi starta opp Skuleprosjektet i Kvernsteinsparken. I år har vi fokus på ressursar. Vi skal t.d. lære å lage pigment ut av forskjellege steinmaterialerog fiskekrokar av horn.Vi skal jobbe i smia og vi skal lage mat.
Bål til å lage kol og tjære
Vi starta med å sitte rundt bålet og snakke om kva vi skulle gjere for dagen. Vi delte oss i 2 grupper med sju på kvar. Gruppe 1 starta med å lage kol og tjære. Det laga vi med hjelp av ei enkel tjæremile. Tjæremiler er ein tradisjonell måte å lage tjære på. Dei eldste daterte tjæremilene er frå 1000-tallet. Dei brukte tjære til å feste pilspissar og impregnere t.d. båtar og naust. Vi har tenkt til å bruke kolet til å teikne og lage pigment til maling. Pigment er eit fint pulver laga av t.d. kleberstein som ein kan blande med olje (linolje). Vi laga også pigment utav murstein. Vi knuste mursteinen og klebersteinen til pulver med slegge, vi brukte morter og sil for å få heilt fint pulver. Dette blanda vi med linolje for å få oljemaling.
Ei av gruppene som er i Kvernsteinsparken er ei kunstgruppe. Denne gruppa skal lære om ulike teikne – og måleverktøy og materialar. Vi skal og prøve å få i gong vasskverna ved skulen. Når alle elevene har vore innom kunstgruppa skal vi ha laga eit felles måleri.
Første gongen kunstgruppa var samla var vi ved vasskverna som ligg ved skulen. Den har ikkje vore i bruk på ei lang stund og no treng den vedlikehald. Det første vi gjorde var at vi rydda skog for å få tilgang til vassrenna. Målet er å få den ferdig før skuleåret er slutt. Vi ønsker å få hjelp av tømrar Audun Oppedal til dette vedlikehaldet.
Her driver Kamilla og Aslak og skisser.
Då vi var i parken måndagen etter starta vi dagen med å skisse til eit felles maleri som alle skal fullføre i løpet av skuleåret. Denne dagen såg vi også på ulike måtar å male på. Vi gjekk gjennom ulike teikneverktøy, måling og lerret. Vi har tenkt å bruke oljemåling, kolstift og tjære i måleriet vårt. Vi har lært om akrylmåling og oljemåling. Ein vesentleg forskjell mellom dei to er tørketida. Akrylmåling tørker mykje fortare enn oljemåling. Fordelen med akrylmåling er at vi kan bruke vatn til å tynne ut målinga.
Her tester vi forskjellige blyantar, kol og måling.
Tredje gangen vi var samla var vi på besøk i Frode Holst sitt atelier. Der fekk vi fortsette på eit bilete som han hadde starta på. Vi blanda maling sånn at vi fekk dei fargane vi ville bruke. Når vi kom attende til parken laga vi skisser av korleis vi trudde guden Odin såg ut.
Sist veke heldt vi fram med idear om korleis maleriet skulle sjå ut. Måndag den 13. januar skal vi ha vinterblot i Kvernsteinsparken, der foreldre og søsken kan komme og ete god mat og sjå kva vi har lært. Resten av dagen brukte vi på å forberede oss på det.
Før vi kunne starte på måleriet måtte vi først lage eit lerret. Først satt vi saman ei blindramme til å spenne opp lerretet på. Etterpå kokte vi opp lim laget av hareskinn, Det blei varma til omlag 50 grader slik at det blei flytande. Etter det dekka vi lerretet med gesso, som er ein akrylgrunning. Når vi var ferdige skissa vi litt om kva vi skal ha på lerretet.
Kunstgruppa i arbeid med måleriet.
No har vi starta på måleriet som skal bli 70 x 150 cm stort.
20.januar var den siste dagen for oss på kunstgruppa. då malte vi ferdig vår del av måleriet.
Laga av Hedda Sophie Lavik Wilson, Kamilla Nydal Espeland, Aslak Holen Dale og Eirik Dale Salbu.
Alle vikingar treng mat, og spesielt høvdingen! Difor reiste matgruppa på fisketokt med Ole Brekke og Jobjørn Løland.
Matgruppa: Dana, Vanessa, Gabriel og Mari skulle skaffe mat til høvdingen so dei fekk vere med Ole Brekke og Jobjørn Løland på fisketur. Vi køyrde forbi hestane og ned til ei lita kai. Der møtte vi Ole Brekke og Jobjørn Løland. Vi fekk gå ned til båten deira og gjekk oppi sjarken.
Her er eit bilde av matgruppa i lag med Ole Brekke (framme) og Jobjørn Løland (til venstre).
Her er ein kråkebolle som sat fast i eit av garna.
Vi styrte rett mot ei krabbeteine og fiska den opp. I krabbeteinene fekk vi rundt tjue krabber fordelt på om lag sju teiner. Vi drog og eit par garn. I det eine garnet var det ein hummar som hadde sett seg fast i garnet og vi prøvde å få han ut. Vi klarte å få han ut til slutt, men då vi heiv han uti berre sokk han utan å røre på seg. Det var og mange kråkebollar som hadde sett seg fast i garnet. Vi blei fort veldig kalde alle saman, men det var fortsatt mange teiner og garn igjen å trekke. Til slutt gjekk turen til ein liten plass som heiter Breivika.
Her er krabbene vi fanga.
Vi fekk gå inn i båten og der var det i alle fall litt varmare enn ute. Vi fekk og vite mykje om kor det var djupt og kor det var litt grunnare. Ole spurte Dana om han ville styre. Dana sa ja, og køyrde oss nesten tilbake før Ole igjen tok styringa tilbake og la til kai. Då vi kom i land fekk vi vere med å reinske garnet. Det var kjekt, men veldig kaldt for hendene våre.
Den neste måndagen skulle vi koke og reinske krabbene. Alle var med på å renske krabbene. Vi måtte først opne krabba og so fjerne paven (magesekken) og so kunne vi ta ut rogna. Til slutt knuste vi klørne og tok ut innmaten. Etterpå åt vi krabbene oppå
Her er ei krabbe etter koking.
brødet vi hadde lagd med litt majones på. Det smakte veldig godt! Brødet vi lagde var av mjøl, vatn og salt.
skrive av Mari Ness, Gabriel Ølmheim Ulvik, Vanessa Fernandez og Dana Mirzai.