Jegarlivet

51649283_1178271505670120_1792490577917378560_n.jpg
Samle kvae for å lage lim til pilen.

No er det ei stund sida vi begynte som jegar. Det har vert veldig gøy. No skal vi fortelje litt om kva vi har lært til no, og kva vi har gjort.

Tekst og bilete: Patrycja, Vilde, Jarle og Henrik

Første gangen lærte vi å tenne bål med flint og stål, det var utfordrande men etter nokre gangar har vi alle fått teken på korleis vi tenner bål på den måten. For å få fyr må du slå med stålet på flinten når du får gnistar har du teknikken, du treng ein kjukesopp som har vert i lut og hamra flat etterpå. Gnisten skal treffe soppen og du ser at det begynne å ryke av den. Så tar vi soppen ned i eit bål og bles på den til det tar fyr.

jarle, patrycja og per christian lagar bål
Med glørne frå eldstålet tenn vi på kjuken (ein sopptype som veks ut frå tre) og trespon. Viss vi er heldige blir det bål!

Vi har og lært å skyte pil og boge. Første gangen var vi ikkje så flinke på det men etter øving har vi alle oppnådd å treffe blinken og dyra mange gongar. Og vi held på med å lage ei pil av hassel tre. Grunnen til at vi brukar hassel og ikkje eit anna tre er fordi hassel er meir bøyeleg og derfor enklare å forme den rett. Vi har vert ute og «henta» kvae som vi smeltar og silar til det blir ein slags mørk klissete «røre». Det brukar vi som lim på pila.

Vi har henta kjukesopp ute på ei død bjørk. Den skar vi ned av treet , og delte den opp. Etter det la vi det i lut. Du må ha kol ifrå bål og ta det oppi vatten og la det stå i ein dag. Etter det sil du det sånn at du ikkje får klumpar i det. Så tar du kjukesoppen oppi og lar det stå par dagar, og så tar du ut soppen og hamrar den flat og la det bli tørt.

Å leve som ein smed

52005993_307960503410984_5013947604489207808_n

No har vi vore i smia tre gongar. Der har vi lært og prøvd mange nye ting, som for eksempel å lage krokar og eldraker, nokon har til og med laga armband. Vi lærer mykje og har det veldig kjekt. Vår læremester er Kjetil Torvund.

Tekst og bilete: Emma Eimind-Thorsnes, Synne Avedal, Tarald Storemyr og Lance Arian Agno Cadurnigara

Å passe på som ein smed
Når vi smir er det viktig å vere roleg og forsiktig. Det er veldig varmt, og jernet kan smelte og ta fyr. Då ser det ut som stjerneskot kjem få jernet, det har skjedd med ein av oss. Ein elev la jernet for lenge i elden, og fordi eleven ikkje følgde med, delte seg i to. Ho måtte begynne heilt på nytt.

51775634_246490759586739_3427410019904126976_n51692439_542217232931958_4410792891706769408_n51928033_1936739969769072_6619415545194217472_n

50962093_235342140680975_4183777816841551872_n

Ulike typar kol

Når vi smir, brukar vi vanlegvis tre ulike typar kol. Dei er steinkol, trekol og koks. Steinkol gir mest varme, men tar mest karbon ut av jernet. Trekol gir minst varme, men tar minst karbon frå jernet. Koks ligg midt i mellom steinkol og trekol når det gjeld karbonet og varmen.  Karbon gjer jernet hardare, jo meir karbon i jernet, jo hardare er jernet.

Teikningar av smia

52319821_2266573506999619_1706556408402542592_n

52679697_388054885086730_7737288239764996096_n.jpg

52123700_575685989561507_4045246515747225600_n

skuleprosjektet-aafjordstein2
I smia er det mange verkty og mykje utstyr.