Kunstgruppa

Ei av gruppene som er i Kvernsteinsparken er ei kunstgruppe. Denne gruppa skal lære om ulike teikne – og måleverktøy og materialar. Vi skal og prøve å få i gong vasskverna ved skulen. Når alle elevene har vore innom kunstgruppa skal vi ha laga eit felles måleri. 

Første gongen kunstgruppa var samla var vi ved vasskverna som ligg ved skulen. Den har ikkje vore i bruk på ei lang stund og no treng den vedlikehald. Det første vi gjorde var at vi rydda skog for å få tilgang til vassrenna. Målet er å få den ferdig før skuleåret er slutt. Vi ønsker å få hjelp av tømrar Audun Oppedal til dette vedlikehaldet.

Skissing til måleri
Her driver Kamilla og Aslak og skisser.

Då vi var i parken måndagen etter starta vi dagen med å skisse til eit felles maleri som alle skal fullføre i løpet av skuleåret. Denne dagen såg vi også på ulike måtar å male på. Vi gjekk gjennom ulike teikneverktøy, måling og lerret. Vi har tenkt å bruke oljemåling, kolstift og tjære i måleriet vårt. Vi har lært om akrylmåling og oljemåling. Ein vesentleg forskjell mellom dei to er tørketida. Akrylmåling tørker mykje fortare enn oljemåling. Fordelen med akrylmåling er at vi kan bruke vatn til å tynne ut målinga.

Teikneredskapar
Her tester vi forskjellige blyantar, kol og måling.

Tredje gangen vi var samla var vi på besøk i Frode Holst sitt atelier. Der fekk vi fortsette på eit bilete som han hadde starta på. Vi blanda maling sånn at vi fekk dei fargane vi ville bruke. Når vi kom attende til parken laga vi skisser av korleis vi trudde guden Odin såg ut.

Sist veke heldt vi fram med idear om korleis maleriet skulle sjå ut. Måndag den 13. januar skal vi ha vinterblot i Kvernsteinsparken, der foreldre og søsken kan komme og ete god mat og sjå kva vi har lært. Resten av dagen brukte vi på å forberede oss på det.

Før vi kunne starte på måleriet måtte vi først lage eit lerret. Først satt vi saman ei blindramme til å spenne opp lerretet på. Etterpå kokte vi opp lim laget av hareskinn, Det blei varma til omlag 50 grader slik at det blei flytande. Etter det dekka vi lerretet med gesso, som er ein akrylgrunning. Når vi var ferdige skissa vi litt om kva vi skal ha på lerretet.

Kunstgruppa
Kunstgruppa i arbeid med måleriet.

No har vi starta på måleriet som skal bli 70 x 150 cm stort.

20.januar var den siste dagen for oss på kunstgruppa. då malte vi ferdig vår del av måleriet.

Laga av Hedda Sophie Lavik Wilson, Kamilla Nydal Espeland, Aslak Holen Dale og  Eirik Dale Salbu.

Krabbefangst med Ole Brekke

Alle vikingar treng mat, og spesielt høvdingen! Difor reiste matgruppa på fisketokt med Ole Brekke og Jobjørn Løland.

Matgruppa: Dana, Vanessa, Gabriel og Mari skulle skaffe mat til høvdingen so dei fekk vere med Ole Brekke og Jobjørn Løland på fisketur. Vi køyrde forbi hestane og ned til ei lita kai. Der møtte vi Ole Brekke og Jobjørn Løland. Vi fekk gå ned til båten deira og gjekk oppi sjarken.

burst
Her er eit bilde av matgruppa i lag med Ole Brekke (framme) og Jobjørn Løland (til venstre).
rhdr
Her er ein kråkebolle som sat fast i eit av garna.

Vi styrte rett mot ei krabbeteine og fiska den opp. I krabbeteinene fekk vi rundt tjue krabber fordelt på om lag sju teiner. Vi drog og eit par garn. I det eine garnet var det ein hummar som hadde sett seg fast i garnet og vi prøvde å få han ut. Vi klarte å få han ut til slutt, men då vi heiv han uti berre sokk han utan å røre på seg. Det var og mange kråkebollar som hadde sett seg fast i garnet. Vi blei fort veldig kalde alle saman, men det var fortsatt mange teiner og garn igjen å trekke. Til slutt gjekk turen til ein liten plass som heiter Breivika.

Her er krabbene vi fanga.

Vi fekk gå inn i båten og der var det i alle fall litt varmare enn ute. Vi fekk og vite mykje om kor det var djupt og kor det var litt grunnare. Ole spurte Dana om han ville styre. Dana sa ja, og køyrde oss nesten tilbake før Ole igjen tok styringa tilbake og la til kai. Då vi kom i land fekk vi vere med å reinske garnet. Det var kjekt, men veldig kaldt for hendene våre.

Den neste måndagen skulle vi koke og reinske krabbene. Alle var med på å renske krabbene. Vi måtte først opne krabba og so fjerne paven (magesekken) og so kunne vi ta ut rogna. Til slutt knuste vi klørne og tok ut innmaten. Etterpå åt vi krabbene oppå

Her er ei krabbe etter koking.

brødet vi hadde lagd med litt majones på. Det smakte veldig godt! Brødet vi lagde var av mjøl, vatn og salt.

skrive av Mari Ness, Gabriel Ølmheim Ulvik, Vanessa Fernandez og Dana Mirzai.