Stigestrands-Maria

Vi reiste til Stigestrand og gjekk inn i huset som vi så ofte har sett når vi har køyrt forbi på andre sida av elva. Vi har lurt på kven som budde der og korleis dei hadde det.

Vi var og såg Maria huset på Stigestrand. På vegen bort datt ein av oss i gjørma. Det var ein gjørmete traktorveg. Vi har alltid lurt på kva som er der inne og hatt lyst og gå inn dit. Vi kunne ikkje gå inn alle på ein gong so vi måtte gå tre ungar og ein vaksen om gongen fordi det var så råte. Det var to etasjar, mykje rot over alt og vart veldig trangt. Vi fant ei gammal rusten saks, ei medisinflaske, gamle aviser og klede.

cof
Huset til Maria

Maria budde på den ein sida av elva og måtte ta ein pram om ho skulle over til den andre sida. Det var veldig sjelden at ho rodde over på den andre sida av elva (til Foss).

Ho hadde mange dyr og var veldig glad i dei. Kvardagen var vanskelig sidan ho hadde ein fot som var lenger enn den andre. Då var det vanskelig og gå. Når ho skulle gå plassar med lass på vogna til hesten, gjekk hesten først, so kom ho etter, for ho klarte ikkje å gå like fort som den. Ho hadde nok alltid mykje å gjere på med tanke på at det skulle slåast og hesjast slik at dyra kunne ha vinterfôr. Det låg hesjestaurar i kjellaren og me fann ein stuttorv som var slipt så mykje at den nesten ikkje var meir att av.

Maria hadde gikt. Så for å klare å ta seg av dyra i fjøsen om morgonen måtte ho stå opp på natta for å fyre i ovnen og lage seg varme omslag som ho la på der ho verkte. Slik klarte ho å komme seg opp om morgonen og ta fjøs-stellet kvar dag.

rhdr
Ovnen dei lagde mat på?

Maria budde saman med faren sin i mange år, kanskje så lenge som tjue år. Han var svaksynt eller nesten blind. Så ho måtte nok ta seg mykje av han og. Dei heldt seg oppdaterte på det som skjedde ute i den store verda ved å lese aviser (faren abonnerte på Dagen) og høyre på radio. Då me var der fann vi mange gamle aviser mellom anna ei utgave av Aftenposten sitt A-magasinet.

Stigestrands-Maria var religiøs. Fordi gjekk ho nesten alltid kledd i svarte klede. Då ho var yngre gjekk ho frå Stigestranda og opp på bedehuset på Lavikdalen til bedehusforening og sosiale treff der.

Til slutt vart garden kjøpt opp av ein som budde på Nygård. Maria flytta på gamleheim i Høyanger (truleg Lavik). Der hjelpte ho dei som var for gamle, eller av andre grunnar ikkje klarte å skrive så godt, med å skrive brev.

 

Kjelde: Sogeskrift frå Hyllestad 2002. Stigestrands-Maria – ein spesiell livslagnad av Kjell Systad, med nokre tilleggsopplysningar frå Hilmar Nygaard

Skrive av Hedda Sophie Lavik Wilson, Kamilla Nydal Espeland, Aslak Holen Dale og Kristian Landro Hjelle

 

 

 

Historisk o-løp i Hyllestad

Denne dagen i oktober hadde vi eit o-løp rundt om i Hyllestad. Det handla om historia til Hyllestad for 50-100 år sidan. 

Dei vaksne delte oss inn i lag, so fekk vi eit kart og eit papir med spørsmål på. Det var sju postar som var plassert  utover Hyllestad sentrum. På kvar post var det spørsmål og blider som var i frå gamle dagar. Vi svarte på spørsmåla ved å skrive ned svara på arket vi fekk. Etter at alle kom tilbake i frå o-løpet gjekk vi ein tur med Martha, Kristian og Franziska. Martha er fødd og oppvaksen her i Hyllestad sentrum. Martha fortalde om korleis det såg ut på Hyllestad i gamle dagar. I Svartedalen står gamleskulen som Martha gjekk på.

cof
Her er gamleskulen som Martha gjekk på i barndommen.

Vi fekk gå inn å sjå korleis det var der. Pultane var ganske tøffe og praktiske. Det var ei skuff der det var plass til bøker, og ei der det var plass til blekk. I gamle dagar hadde dei ikkje kulepennar, so dei hadde ein slags blyant med ein metallspiss som du dypper ned i blekket. Martha fortalde om læraren som underviste dei. Ho sa at han var ganske snill, men han kunne vere litt streng. Då Martha gjekk på skulen, gjekk dei berre annankvar dag. Vi fekk også lov til å gå opp på loftet av det gamle skulebygget.

cof
Dette er Dana og Gabriel som sit på ved pultane som vart brukt på gamleskulen.

Der var det ikkje so mykje å sjå, men Martha fortalde at dei aldri fekk lov å gå opp der. Då vi var ferdige med den posten gjekk vi litt lengre ned i Svartedalen. Der var det eit bilde av gamle Hyllestad. Det var mange forskjellige ting i eit hus. Til dømes var det butikk nede i først etasje i eit hus, medan folk budde i andre etasje i same huset. I det huset som Martha budde i var det Lensmannskontor og arrest. Neste post var nede ved den gamle dampskipskaia. Der var det eit bilete av korleis det såg ut der før.

oznor
Her er eit bilete av dampskipskaia på Hyllestad.

Dampskipet frakta dyr, fisk og varer til Bergen, men det hadde mange stopp før det. Martha synest det var veldig kjekt når dampskipet kom, fordi då var det mange folk der. Ho likte ikkje måten dei fekk sauene opp i båten på. Dei pleidde å legge dei i ein stor seglduk og so heisa dei sauene opp i båten. Neste post var borte ved kyrkja, der var det eit bilde av nokon som gjekk oppe på Lifjellet. Dei som var på Lifjellet hadde på seg finkle. Det var fordi at i gamle dagar var det sjeldent at dei kunne ta bilete, so dei tok med seg fin-kle og tok dei på seg på toppen. Då vi var ferdig for vi heim.

cof
Her er eit bilde av alle elevane som står i lag med Martha.

Skrive av Sigve Dale, Eirik Dale Salbu og Dana Mirzai