Alle vikingar treng mat, og spesielt høvdingen! Difor reiste matgruppa på fisketokt med Ole Brekke og Jobjørn Løland.
Matgruppa: Dana, Vanessa, Gabriel og Mari skulle skaffe mat til høvdingen so dei fekk vere med Ole Brekke og Jobjørn Løland på fisketur. Vi køyrde forbi hestane og ned til ei lita kai. Der møtte vi Ole Brekke og Jobjørn Løland. Vi fekk gå ned til båten deira og gjekk oppi sjarken.


Vi styrte rett mot ei krabbeteine og fiska den opp. I krabbeteinene fekk vi rundt tjue krabber fordelt på om lag sju teiner. Vi drog og eit par garn. I det eine garnet var det ein hummar som hadde sett seg fast i garnet og vi prøvde å få han ut. Vi klarte å få han ut til slutt, men då vi heiv han uti berre sokk han utan å røre på seg. Det var og mange kråkebollar som hadde sett seg fast i garnet. Vi blei fort veldig kalde alle saman, men det var fortsatt mange teiner og garn igjen å trekke. Til slutt gjekk turen til ein liten plass som heiter Breivika.

Vi fekk gå inn i båten og der var det i alle fall litt varmare enn ute. Vi fekk og vite mykje om kor det var djupt og kor det var litt grunnare. Ole spurte Dana om han ville styre. Dana sa ja, og køyrde oss nesten tilbake før Ole igjen tok styringa tilbake og la til kai. Då vi kom i land fekk vi vere med å reinske garnet. Det var kjekt, men veldig kaldt for hendene våre.
Den neste måndagen skulle vi koke og reinske krabbene. Alle var med på å renske krabbene. Vi måtte først opne krabba og so fjerne paven (magesekken) og so kunne vi ta ut rogna. Til slutt knuste vi klørne og tok ut innmaten. Etterpå åt vi krabbene oppå

brødet vi hadde lagd med litt majones på. Det smakte veldig godt! Brødet vi lagde var av mjøl, vatn og salt.
skrive av Mari Ness, Gabriel Ølmheim Ulvik, Vanessa Fernandez og Dana Mirzai.