Reisa frå gamle Europa til gamle Amerika på ein dag

Ein marmorførekomst ved Kvernsteinsparken. Marmor er ein metamorf stein, danna frå kalkstein.
Ein marmorførekomst ved Kvernsteinsparken. Marmor er ein metamorf stein, danna frå kalkstein.

Vi møtte ein geolog (ein geolog kan mykje om stein) som heiter Per Storemyr. Franziska Rüttimann og han viste oss dei tre forskjellige bergartane. Etterpå dro vi på tur til gamle Amerika!

Laga av: Vilde Nordbø, Tarald Storemyr og Adrian Avedal Skaar, 7. klasse, Hyllestad skule

Sedimentære bergartar: sand, grus, leire eller skjell lagrar seg på botnen av havet eller elvar. Magmatiske bergartar: oppstår når magmaen størknar. Metamorfe bergartar: bergartar som vart «forvandla» pga. trykk og/eller varme.

Vi gjekk opp imot Kolgrovheia og til grensa mot gamle Europa og gamle Amerika. Der var det ein gammal fjellkjede for 400 mill. år sidan.

Her er et bilde av den gamle grensa til Amerika og Europa.
Her er et bilde av den gamle grensa mellom Amerika og Europa.

Den heitte den Kaledonske fjellkjede og var høgre enn Himalaya. Men etter kvart tæra det ned og det kom mange ras som førte til at fjellkjeda forsvann. Lihesten er restar etter den. Fjellkjeda brukte 300 mill. år på å forsvinne. Steinen som er på Lifjellet kallar vi for  konglomerat. Det er ein sedimentær bergart.

Etterpå gjekk vi ned ein litt anna veg som førte til ein bekk som det var masse marmor i. Marmor kan brennast til kalk og leskas til mørtel! Vi leska brende stein frå Kvernsteinsparken. Då vart det heitt!

Lesking av brend kalk frå Hyllestad i Kvernsteinsparken. Video: Vilde Nordbø

Så gjekk vi inn igjen i Storehuset og snakka om det som hadde skjedd og som vi synest var gøy!

Lær å ta det perfekte bilde!

Her ser vi David ta bilde av ein elev.
Her ser vi David ta bilde av ein elev.

Då vi var i Kvernsteinsparken 15. oktober lærte fotografen David Zadig oss om korleis vi skal ta gode bilde.

Laga av: Emma Eimind-Thorsnes og Synne Avedal, 7. klasse, Hyllestad skule

Måndag 15. oktober hadde 7. klasse på Hyllestad skule eit fotokurs i Kvernsteinsparken med David Zadig. Han er ein amerikansk profesjonell fotograf.

Her er eit av bilda vi tok. Dette er tatt med fossen i Kvernsteinsparken
Her er eit av bilda vi tok. Dette er tatt med fossen i Kvernsteinsparken

Han lærte oss korleis vi skal ta eit godt og detaljert bilde. David lærte oss mykje om lys, skygge og kor det er bra å ta bilde. Det er best å ta bilde 2 timar før solnedgang, og 2 timar etter soloppgang. Det er best å ha på rutenett (3×3), og aldri zoome med kamera på mobilen, men gå nærmare objektet du tar bilde av. For å få eit anna lys på bilde, kan du bruke kvitt eller svart papir som reflektor. For å få skygge på bilde, kan ein bruke svart papir, og kvitt papir til lys. Du kan også ta aluminiumsfolie rundt ein pappbit for å få annerledes lys. Ikkje bruk blitz på mobilen, for den er for nærme kameraet på mobilar. Då er det betre at nokon andre står med eit lys ved sida av deg. For å få best bilde, er det lurt å bevege seg rundt, og ikkje ta det med ein gong.

Her er vi på leiting i skogen etter gode bilder! :-)
Her er vi på leiting i skogen etter gode bilder! 🙂

Vi gjekk rundt i kvernsteinsparken og såg kor det var fint å ta bilde, og lærte oss korleis vi skulle ta eit bra bilde. David viste oss kor mange forskjellige måtar det er å redigere og ta eit bilde på. Han lærte oss å ta bilde med mobilen, men han anbefalte å ta bilde med kamera, viss du vil ha best kvalitet.

Her er ein  elev modell med trea i Kvernsteinsparken.
Her er ein elev modell med trea i Kvernsteinsparken.

 

Program for hausten 2018

FORSKARGJENGEN – vi utforskar Hyllestad!

forskar2Vi skal finne ut om korleis Hyllestad såg ut før i tida (t.d. for 500 mill år sidan…), kven som budde her i dei siste mange tusen år og kvifor i all verda dei var så steingale! Vi skal observere, intervjue folk, gjere eksperiment, oppsøkje spennande stadar og diskutere i lag. Og så vil vi jo at alle andre får høyre om det vi finn ut! Derfor skal vi ta bilete, skrive og fortelje om alt vi oppdagar. Etter kvar måndag er det to elevar som skal skrive blogg med bilete som skal leggjast ut på nettet. Då kan også foreldra følgje med!

Programmet fram til jul

  • 15.10.: Fotokurs med David Zadig – på engelsk! Dei som har mobiltelefon har lov å bruke han denne dagen. Elles syter skulen for at alle elevar har kamera.
  • 22.10.: Øve på å skrive blogg med bilete og tekst (denne gongen vert vi på skulen)
  • 29.10.: Ekskursjon mot Kolgrovheia (ca. 35 min. ein veg). Korleis såg det ut i Hyllestad for 500 mill. år sidan? Etterpå: Steinlab. Vi undersøkjer ulike typar stein.
  • 5.11.: Stein brukast til å bygge veg! Ekskursjon til dei store steinbrota på Sognnes der det lagast pukk, grus og asfalt. Og vi stoppar i Leirvik og ser på brua og den Trondhjemske Postveg.
  • 12.11: Korleis kan stein jobbast med på moderne vis? Besøk på verkstaden til Torbjørn Løland.
  • 19.11.: Elevfri dag
  • 26.11.: Korleis klarte dei å jobbe og forme stein før i tida? Vi prøver ulike metodar og går også i lære i smia (fordi eit verkty av jarn gjer det ganske mykje lettare å jobbe med stein!). Vårt store prosjekt er å lage våre eigne skubbekverner!
  • 3.12.: Vi utforskar Hyllestad sentrum etter spor frå fortida – det gjeld å finne postane på o-kartet! Og så førebur vi eit lite teater for førskulebarna som kjem på besøk neste gong.
  • 10.12.: No skal vi trene oss i å formidle! Førskulebarna lagar «steinsuppe» til oss og vi «serverer» dei teateret som vi har førebudd. Så jobbar vi vidare med våre skubbekverner og skal prøve oss på å lage steinkvelv.
  • 17.12.: Vi eksperimenterer med skubbe- og handkvern (stemmer det at handkverna er raskare?), vi lærar å lage tynt flatbrød med Anne Berit Lekva – og til slutt skal vi kose oss med kjøt som er steikt på stein!

forskar1Programmet for 2019 vert delt ut i desember.

Klede: Det er ikkje moro å forske når ein fryser og er våt! Derfor må vi kle oss kjempegodt og vere førebudd på regn og kulde.

 

Skuleprosjektet er i gong att!

obelix

Kommunestyret i Hyllestad fatta tidlegare i år vedtak om at ein del av undervisninga på Hyllestad Skule skal vere i Kvernsteinsparken. No er vi i gong! Elevane i 7. klasse får no ein halv dag i Parken kvar måndag. «Forskargjengen – vi utforskar Hyllestad!» er tema for heile hausten og våren med.

Hyllestad er kjend i heile Noreg for sitt skuleprosjekt. I mange år har ein del av undervisninga gått føre seg i Kvernsteinsparken. Her har ungdomane fått lære seg ei rekke fag knytt til bygda si eige historie, ikkje minst den 1300 år gamle kvernsteinshistoria. Sjå om skuleprosjektet her.

På denne nettsida skal elevane snart skrive sine eigne rapportar om kva dei opplev i prosjektet. Det vert mykje moro utover hausten, vinteren og våren!