Tur til det gamle huset på Stigestranda

På Foss ved Leirvik ligg det eit gammalt hus som har ein spennande og interessant historie. Du har kanskje køyrt forbi på vegen mellom Hyllestad mot Leirvik og lurt på kven som budde i det gamle huset som kan sjåast på andre sida av Stigestrandsvatnet.

Huset kan virke litt skummelt på avstand.

I dette huset budde det ei dame som hette Maria og far hennar. Dei levde eit heilt anna liv enn det vi gjer i dag. Maria måtte stelle faren fordi han var sjuk. Ho var sjuk sjølv og hadde ein fot kortare enn den andre. Ho var giktbroten og måtte ofte opp om nettene og fyre i ovnen for å lage varme omslag. Livet på Stigestranda må ha vore hardt, spesielt om vintrane. For å komme til naboen på Foss måtte dei bruke ei prame over vatnet.

Huset har sått tomt i over 50 år, og det berer det preg av.
Huset er no så falleferdig at vi fekk berre gå inn to og to, og berre inn i gangen.

Endå kan ein sjå spor etter dei som levde på Stigestranda. Ute fann vi restar etter ein gamal ljå og gamle blader og aviser ligg der fortsatt. Etter at faren gjekk bort, levde Maria åleine på Stigestranda, heilt fram til slutten av 60-talet. Då var det slutt på slitet og livet på Stigestranda. Maria fekk leve sine siste dagar med folk rundt seg på aldersheimen.