Mat for træl og høvding!

Det var nok ikkje vanleg at trælane fekk like god mat som høvdingane. Denne måndagen skulle vi få kjenne litt på korleis det var

Vi starta dagen med ei lita oppgåve. Franziska hadde lagt fram mange matvarer. Vi skulle velge kva vi trudde ein hadde av mat for 1000 år sidan.

Her steikjer vi brødet på ei steiketakke.

Så laga vi graut og bakte brød. I oppskrifta til grauten var det vatn, fløyte og havregryn, og i brøda var det vatn, havregryn og litt salt.

Høvding og trælar fekk ulik mat til måltida. Når vi skulle ete, blei det trekt namn frå ei skål med kven som skulle få sitte til bords med høvdingen, og kven som var trælar. Trælane fekk havregrynsgraut med vatn, medan høvdingen og dei han hadde til bords fekk fløyte i sin. Dei fekk også skinke og vørterøl. Trælane sin vørterøl var sjølvsagt utvatna.

Aron kosa seg ved høvdingens bord.
Tarja Marie var dagens høvding.
Trælane var kanskje litt misunnelege på høvdingen…

Fisking med krok og snøre

Fiske har vore ei viktig matkilde for folk i alle år. Fangstmetodar og reiskap har variert, men fiskekroken har vore eit nyttig reiskap heilt sidan steinalderen.

Ein av dei eldste fiskekrokane funne i Norge er 9000 år gammal (kilde: UiO). Forma har ikkje forandra seg mykje på alle desse åra. Men dei har vore laga av ulike materialar. I steinalderen var fiskekroken laga av horn, bein og tre. Seinare blei dei laga av jern. I dag er fiskekrokane laga av stål.

For tusen år sidan var fiskane som stod på menyen gjerne torsk, lange, sei, makrell og sild. I Myklebustelva, som er elva som renn gjennom Kvernsteinsparken, får ein ørret, også kalla kjø. Dei største vi fekk var ca 200 g. Reiskapen vi brukte var fiskestang med krok, snøre, søkke og agn. Som agn brukte vi meitemark til å lokke fisken.

Her er nokon av dei som hadde fiskelykke.