Møllarar, smedar og jegarar

Frå 2019 av skal vi jobbe i faste grupper: Adrian, Jostein, Linnea og Maylèn blir utdanna til «møllarar» og skal jobbe med å male korn, hogge stein og bake brød. Smedane er Synne, Emma, Lance og Tarald: Dei får opplæring av Kjetil Torvund, ein ekte smed. Og jegarane er Henrik, Patrycja, Vilde og Jarle som lærar steinalderteknikker: lage bål utan fyrstikke, lage lim av kvae, lage pil og sjølvsagt lærar dei å bli proffe i å skyte pil og boge!

møllarane
Møllarane lærar å hogge stein. Dette blir ei skubbekvern.
lage bål
Korleis kan vi få eld utan fyrstikke? Her ser vi eit eldstål i høgre handa og eit stykke kvasst flint i venstre handa. Eldstålet må du slå mot flinten og då kan det gnistre…
jarle, patrycja og per christian lagar bål
Med glørne frå eldstålet tenn vi på kjuken (ein sopptype som veks ut frå tre) og trespon. Viss vi er heldige blir det bål!
bogeskyting
Pil og boge var eit viktig jaktreiskap allereie i steinalderen. Her øver vi oss i riktig teknikk.
lance, synne og emma
Lance, Synne og Emma i smia.
tarald og kjetil torvund
Kjetil ser på korleis Tarald jobbar med det glødande jarnet.
snøballkrig
Snøballkrig!
emma bøyer jern
Emma bøyer jarn i smia.
adrian høgg stein
Vi er i Torbjørns verkstad og hogger til ei skubbekvern. Dette er den eldste kverntypen som finst.

Flatbrødbaking

Tekst: Jarle Tonning Hatløy, Henrik Halnes Nødset og Linnea Avedal Hovland, 7. klasse

I dag var vi i Kvernsteinsparken og baka flatbrød med Solfrid Birkeland frå Åfjorddalens bygdekvinnelag. Vi hadde fleire stasjonar: på den andre stasjonen hogga vi ut steinar til ei skubbekvern, på den tredje forma vi kleberstein til kass figur vi ville, og på den fjerde hadde vi ein quiz.

flatbrod1
Ingrediensane til flatbrød.
flatbrod2
Flatbrødet vart steikt på ei takke.

Quizen handla om kva vi hadde lært i løpet av tida vi har vore i kvernsteinsparken, og laget som vant, var Linnea, Adrian, Vilde og Lance.

Hos Solfrid måtte vi måle opp 150 gram med kveite (grov og sammalt), og ein desiliter vatn og så blanda vi det. Etter det kjevla vi deigen ut slik at han vart veldig tynn og so stekte vi brødet på ei steiketakke.

På den andre gruppa hogga vi ut steinane til skubbekverna.

På stasjon tre jobba vi med kleberstein. Det er ein steintype som er veldig lett å forme. Vi fekk lage våre eigne figurar, akkurat den vi ville ha. Vi fekk mykje utstyr og filer som vi brukte.

flatbrod3
Kjøtet steikast på ein kleberstein i bålet.

Til slutt stekte Per svinekjøt og oksekjøt, og so hadde vi det på flatbrøda ilag med tyttebærsylte og rømme.

Teater!

Tekst: Maylen Hatlem og Tarald Storemyr, 7. klasse Hyllestad

Vi møtte førskulebarna i Storehuset i Kvernsteinsparken. Dei viste oss eit teater som heitte «Steinsuppa». Så lagde dei steinsuppe til oss, som dei faktisk hadde putta ein stein oppi! Til dessert fekk vi riskrem med sirup. Vi har dessverre ikkje lov å vise bilete av førskuleungane, derfor er det ingen bilete av dei med.

20181210_123920
Heile klassen var med på teateret.

Etterpå framførte vi eit skodespel som heitte «Kvernsteins-Knut blir kidnappa». Det var ein gut som heitte Knut som blei kidnappa. Men så klarte han å rømme i eit skip med kvernsteinar, der det var ein olm mann, som sa at han kunne bli med så lenge han jobba. Etterpå kom han trygt heim igjen. Så lekte vi trolltikken med førskulebarna. Der måtte man dra kvarandre i halen for å komme fri.

20181210_142049.jpg
Det er ikkje ofte at ein løyser ein kvernstein!

Etterpå gjorde vi eit eksperiment med dreiekverner der vi ville sjå kor mange omdreiingar vi klarte med ein kvernstein på eitt minutt, mens to andre gutar frå klassen, jobba med å få laus ein kvernstein. Og det klarte dei!