Måndag, 18. mars var vi på besøk hos Ørjan Engedal, som er arkeolog og bronsesmed. Han er ein av dei få bronsesmedane i Noreg. Han brukar jern og bronse, og smeltar det om til nye ting, blant anna duplikatar av ting frå vikingtida.

Tekst og bilete: Emma Eimind- Thorsnes, Tarald Storemyr, Lance Arian Agno Cadurnigara og Synne Avedal
Der Ørjan bur, har han ein garasje som han har gjort om til ei bronsesmie. Det er meir ein hobby enn jobb, fordi han jobbar som arkeolog, og jobbar mest på kontor. Smelteomnen han har i garasjen, har han laga sjølv. Han hadde mange verktøy som vi har i smia, men og mange andre hjelpemiddel som vi ikkje hadde sett før. Ørjan hadde mange ting der som dei brukte i bronsealderen, som for eksempel bivoks, harpiks, leire og klebersteins-former.

Han brukte bivoksen til å lage mønsteret til produktet han skulle lage. Etterpå dekka han bivoksen med leire, og sette den i omnen. Når leira blei hard, hadde bivoksen smelta, og han kunne tømme den ut av leira, han har no ei fin form med fint mønster, av leire.


Ørjan viste oss korleis han smelta bronse, og alle førebuingane ein måtte gjere før man begynte å støype. Man måtte passe på at forma sto skikkeleg, og at ingenting låg i vegen når han skulle tømme bronsa over i forma av kleberstein. Vi fekk til og med bollar av han.

Han smir ikkje berre sverd og skjold, men han lagar og drakter av skinn. Han smir mange ting til museum, som vil ha nøyaktige kopiar av ting dei brukte i vikingtida. Han må vere utruleg nøyaktig, og det arbeidet som tok lengst tid, var eit sverd som han nesten brukte eit halvt år på.



Takk for at vi fekk vere på besøk i smia di, Ørjan! 🙂