Eit tusen år gammalt gjerde

Vi skal lage eit gjerde av einer slik dei har gjort i uminnelege tider. Men før ein kan byggje, trenge ein materiale. Då lyt ein til skogs.

Eit bilde av Dimitrij rett før han hadde litt uflaks i myra.

Einer, også kalla sprakje, har vore brukt til mykje. Hesjestaur, stavar, spaserstokkar, klavar til husdyr og gjerdemateriale er døme på bruksområde. Einene som vi finn denne gongen skal nyttast til gjerde, og det er viktig at ein får samla nok materiale før ein startar å byggje. Dei tynne einene er seige og enkle å bøye, og dei tjukke er egna til gjerdestolpar. Vi må ha nok av begge typane.

Den første gruppa var nede på Nes hos Ole Brekke for å finne einer. Der fann dei ein del, men ikkje så mange som kunne brukast til stolpar. Gruppe nr. 2 drog difor opp i Lia for å sjå om ein kunne finne  material som var meir egna til dette.

Her har Aron funne ein dugande gjerdestolpe.
Alle greiner og kvistar vert høgd av. Rydde opp att etter seg må ein òg.

Når alt materialet var samla, vart det kjørt til Kvernsteinsparken, lasta av og lagt klar til byggjing.

Bål uten fyrstikker eller tennbrikettar!

No har vi komme nokre veker inn i skuleprosjektet i Kversteinsparken. Denne gongen laga vi bål ved hjelp av tennstål, flint, tørka kjuke og bark.

Malin prøver å få gnist frå flint og tennstål.

Etter at vi fekk teken på å få gnist med tennstålet, som ikkje var så enkelt, slo vi gnist på kjuka slik at vi til slutt fekk ei glo. Kjuka, med den lille gloa, la vi inn i ein rull av bark frå ei bjørk, i lag med litt papir. Så blåste vi i rullen, slik at vi spreidde gnisten og den tok fyr. Det var ikkje akkurat så komfortabelt å blåse i rullen, men når vi ikkje pusta inn røyken, gjekk det fint.

Per Kristian bles i bjørkerullen.

Da vi hadde blese i bjørkerullen ei stund, fekk vi flamme. Vi hadde allereie laga klart til eit bål, som vi kunne legge rullane oppå. På biletet under ser du at rullane har tatt skikkeleg fyr.

Til slutt fekk vi fyr på bålet.

Vi har lært at kjuke kan brukast som ein type tennbrikett, men det krev ein del øving og arbeid å få fyr uten fyrstikker. Det var ganske enkelt å få gnist frå tennstålet, men å få fyr på kjuka var verre.

På kjukejakt!

Kjuke er ein sopp som ein kan bruke til å få fyr på bålet med. Vi var på kjukejakt i området rundt Rønset der det skulle vere mykje av sorten.

Først måtte vi finne kjuke som ikkje var roten eller dårleg inni, er den det, vil han berre smuldre opp og kan ikkje brukast. Det tok ei stund og det var dårleg vèr, men til slutt fant vi ein del kjuke som var heilt fin. Når vi kom tilbake, skulle nokon kutte opp kjuka mens andre skulle sile lut. Etter at vi hadde skore opp kjuka og silt luten, tok vi kjuke og putta i lag med luten. Då skjer det ein kjemisk reaksjon som gjer at soppen vert enklare å tenne på. Luten og kjuka skulle stå i 24 timar. Før vi kunne bruke kjuka, måtte den bankast og tørkast. Kjuka blir ein slags tennbrikettar som dei brukte til å tenne bål med i gamle dagar.

Kjuke er ein sopp som veks på tre, ofte på bjørk som held på å rotne.
Ein må tilarbeide kjuka før den kan brukast til å tenne opp med.

Kan ein lage fiskekrok av horn?

I steinalderen då ein ikkje hadde jern, måtte ein lage fiskekrokane av noko anna. Vi skulle prøve å lage fiskekrokar av horn og vertøyet vi skulle bruke, var flint.

Detta er spora vi skulle skjære med flinten.

Vi skulle skjære ut fiskekrokar som Per Kristian hadde laga spor til. Det vi skulle skjære det ut med,
var flint. Du måtte vere tolmodig når du skulle skjære dei ut, for det tok veldig lang tid. Når du trudde du var ferdig, var det fortsatt eit lite stykke igjen. Og då kjente du at du blei utolmodig. So det var vanskelig å skjære ut.

Sånn såg flinten ut når vi hadde hogd den ut.

Etter ei stund fekk vi lov å hogge flint ut med vanlig rund stein. Dei fleste blei veldig skarpe, og nokon fekk ei form som kunne brukast til pilspiss.

Frå murstein til oljemaling

No har vi starta opp Skuleprosjektet i Kvernsteinsparken. I år har vi fokus på ressursar. Vi skal t.d. lære å lage pigment ut av forskjellege steinmaterialer og fiskekrokar av horn. Vi skal jobbe i smia og vi skal lage mat.

Bål til å lage kol og tjære

Vi starta med å sitte rundt bålet og snakke om kva vi skulle gjere for dagen. Vi delte oss i 2 grupper med sju på kvar. Gruppe 1 starta med å lage kol og tjære. Det laga vi med hjelp av ei enkel tjæremile. Tjæremiler er ein tradisjonell måte å lage tjære på. Dei eldste daterte tjæremilene er frå 1000-tallet. Dei brukte tjære til å feste pilspissar og impregnere t.d. båtar og naust. Vi har tenkt til å bruke kolet til å teikne og lage pigment til maling. Pigment er eit fint pulver laga av t.d. kleberstein som ein kan blande med olje (linolje). Vi laga også pigment utav murstein. Vi knuste mursteinen og klebersteinen til pulver med slegge, vi brukte morter og sil for å få heilt fint pulver. Dette blanda vi med linolje for å få oljemaling.

Pigment blanda med Linolje

Kunstgruppa

Ei av gruppene som er i Kvernsteinsparken er ei kunstgruppe. Denne gruppa skal lære om ulike teikne – og måleverktøy og materialar. Vi skal og prøve å få i gong vasskverna ved skulen. Når alle elevene har vore innom kunstgruppa skal vi ha laga eit felles måleri. 

Første gongen kunstgruppa var samla var vi ved vasskverna som ligg ved skulen. Den har ikkje vore i bruk på ei lang stund og no treng den vedlikehald. Det første vi gjorde var at vi rydda skog for å få tilgang til vassrenna. Målet er å få den ferdig før skuleåret er slutt. Vi ønsker å få hjelp av tømrar Audun Oppedal til dette vedlikehaldet.

Skissing til måleri
Her driver Kamilla og Aslak og skisser.

Då vi var i parken måndagen etter starta vi dagen med å skisse til eit felles maleri som alle skal fullføre i løpet av skuleåret. Denne dagen såg vi også på ulike måtar å male på. Vi gjekk gjennom ulike teikneverktøy, måling og lerret. Vi har tenkt å bruke oljemåling, kolstift og tjære i måleriet vårt. Vi har lært om akrylmåling og oljemåling. Ein vesentleg forskjell mellom dei to er tørketida. Akrylmåling tørker mykje fortare enn oljemåling. Fordelen med akrylmåling er at vi kan bruke vatn til å tynne ut målinga.

Teikneredskapar
Her tester vi forskjellige blyantar, kol og måling.

Tredje gangen vi var samla var vi på besøk i Frode Holst sitt atelier. Der fekk vi fortsette på eit bilete som han hadde starta på. Vi blanda maling sånn at vi fekk dei fargane vi ville bruke. Når vi kom attende til parken laga vi skisser av korleis vi trudde guden Odin såg ut.

Sist veke heldt vi fram med idear om korleis maleriet skulle sjå ut. Måndag den 13. januar skal vi ha vinterblot i Kvernsteinsparken, der foreldre og søsken kan komme og ete god mat og sjå kva vi har lært. Resten av dagen brukte vi på å forberede oss på det.

Før vi kunne starte på måleriet måtte vi først lage eit lerret. Først satt vi saman ei blindramme til å spenne opp lerretet på. Etterpå kokte vi opp lim laget av hareskinn, Det blei varma til omlag 50 grader slik at det blei flytande. Etter det dekka vi lerretet med gesso, som er ein akrylgrunning. Når vi var ferdige skissa vi litt om kva vi skal ha på lerretet.

Kunstgruppa
Kunstgruppa i arbeid med måleriet.

No har vi starta på måleriet som skal bli 70 x 150 cm stort.

20.januar var den siste dagen for oss på kunstgruppa. då malte vi ferdig vår del av måleriet.

Laga av Hedda Sophie Lavik Wilson, Kamilla Nydal Espeland, Aslak Holen Dale og  Eirik Dale Salbu.

Krabbefangst med Ole Brekke

Alle vikingar treng mat, og spesielt høvdingen! Difor reiste matgruppa på fisketokt med Ole Brekke og Jobjørn Løland.

Matgruppa: Dana, Vanessa, Gabriel og Mari skulle skaffe mat til høvdingen so dei fekk vere med Ole Brekke og Jobjørn Løland på fisketur. Vi køyrde forbi hestane og ned til ei lita kai. Der møtte vi Ole Brekke og Jobjørn Løland. Vi fekk gå ned til båten deira og gjekk oppi sjarken.

burst
Her er eit bilde av matgruppa i lag med Ole Brekke (framme) og Jobjørn Løland (til venstre).

rhdr
Her er ein kråkebolle som sat fast i eit av garna.

Vi styrte rett mot ei krabbeteine og fiska den opp. I krabbeteinene fekk vi rundt tjue krabber fordelt på om lag sju teiner. Vi drog og eit par garn. I det eine garnet var det ein hummar som hadde sett seg fast i garnet og vi prøvde å få han ut. Vi klarte å få han ut til slutt, men då vi heiv han uti berre sokk han utan å røre på seg. Det var og mange kråkebollar som hadde sett seg fast i garnet. Vi blei fort veldig kalde alle saman, men det var fortsatt mange teiner og garn igjen å trekke. Til slutt gjekk turen til ein liten plass som heiter Breivika.

Her er krabbene vi fanga.

Vi fekk gå inn i båten og der var det i alle fall litt varmare enn ute. Vi fekk og vite mykje om kor det var djupt og kor det var litt grunnare. Ole spurte Dana om han ville styre. Dana sa ja, og køyrde oss nesten tilbake før Ole igjen tok styringa tilbake og la til kai. Då vi kom i land fekk vi vere med å reinske garnet. Det var kjekt, men veldig kaldt for hendene våre.

Den neste måndagen skulle vi koke og reinske krabbene. Alle var med på å renske krabbene. Vi måtte først opne krabba og so fjerne paven (magesekken) og so kunne vi ta ut rogna. Til slutt knuste vi klørne og tok ut innmaten. Etterpå åt vi krabbene oppå

Her er ei krabbe etter koking.

brødet vi hadde lagd med litt majones på. Det smakte veldig godt! Brødet vi lagde var av mjøl, vatn og salt.

skrive av Mari Ness, Gabriel Ølmheim Ulvik, Vanessa Fernandez og Dana Mirzai.

Stigestrands-Maria

Vi reiste til Stigestrand og gjekk inn i huset som vi så ofte har sett når vi har køyrt forbi på andre sida av elva. Vi har lurt på kven som budde der og korleis dei hadde det.

Vi var og såg Maria huset på Stigestrand. På vegen bort datt ein av oss i gjørma. Det var ein gjørmete traktorveg. Vi har alltid lurt på kva som er der inne og hatt lyst og gå inn dit. Vi kunne ikkje gå inn alle på ein gong so vi måtte gå tre ungar og ein vaksen om gongen fordi det var så råte. Det var to etasjar, mykje rot over alt og vart veldig trangt. Vi fant ei gammal rusten saks, ei medisinflaske, gamle aviser og klede.

cof
Huset til Maria

Maria budde på den ein sida av elva og måtte ta ein pram om ho skulle over til den andre sida. Det var veldig sjelden at ho rodde over på den andre sida av elva (til Foss).

Ho hadde mange dyr og var veldig glad i dei. Kvardagen var vanskelig sidan ho hadde ein fot som var lenger enn den andre. Då var det vanskelig og gå. Når ho skulle gå plassar med lass på vogna til hesten, gjekk hesten først, so kom ho etter, for ho klarte ikkje å gå like fort som den. Ho hadde nok alltid mykje å gjere på med tanke på at det skulle slåast og hesjast slik at dyra kunne ha vinterfôr. Det låg hesjestaurar i kjellaren og me fann ein stuttorv som var slipt så mykje at den nesten ikkje var meir att av.

Maria hadde gikt. Så for å klare å ta seg av dyra i fjøsen om morgonen måtte ho stå opp på natta for å fyre i ovnen og lage seg varme omslag som ho la på der ho verkte. Slik klarte ho å komme seg opp om morgonen og ta fjøs-stellet kvar dag.

rhdr
Ovnen dei lagde mat på?

Maria budde saman med faren sin i mange år, kanskje så lenge som tjue år. Han var svaksynt eller nesten blind. Så ho måtte nok ta seg mykje av han og. Dei heldt seg oppdaterte på det som skjedde ute i den store verda ved å lese aviser (faren abonnerte på Dagen) og høyre på radio. Då me var der fann vi mange gamle aviser mellom anna ei utgave av Aftenposten sitt A-magasinet.

Stigestrands-Maria var religiøs. Fordi gjekk ho nesten alltid kledd i svarte klede. Då ho var yngre gjekk ho frå Stigestranda og opp på bedehuset på Lavikdalen til bedehusforening og sosiale treff der.

Til slutt vart garden kjøpt opp av ein som budde på Nygård. Maria flytta på gamleheim i Høyanger (truleg Lavik). Der hjelpte ho dei som var for gamle, eller av andre grunnar ikkje klarte å skrive så godt, med å skrive brev.

 

Kjelde: Sogeskrift frå Hyllestad 2002. Stigestrands-Maria – ein spesiell livslagnad av Kjell Systad, med nokre tilleggsopplysningar frå Hilmar Nygaard

Skrive av Hedda Sophie Lavik Wilson, Kamilla Nydal Espeland, Aslak Holen Dale og Kristian Landro Hjelle

 

 

 

Historisk o-løp i Hyllestad

Denne dagen i oktober hadde vi eit o-løp rundt om i Hyllestad. Det handla om historia til Hyllestad for 50-100 år sidan. 

Dei vaksne delte oss inn i lag, so fekk vi eit kart og eit papir med spørsmål på. Det var sju postar som var plassert  utover Hyllestad sentrum. På kvar post var det spørsmål og blider som var i frå gamle dagar. Vi svarte på spørsmåla ved å skrive ned svara på arket vi fekk. Etter at alle kom tilbake i frå o-løpet gjekk vi ein tur med Martha, Kristian og Franziska. Martha er fødd og oppvaksen her i Hyllestad sentrum. Martha fortalde om korleis det såg ut på Hyllestad i gamle dagar. I Svartedalen står gamleskulen som Martha gjekk på.

cof
Her er gamleskulen som Martha gjekk på i barndommen.

Vi fekk gå inn å sjå korleis det var der. Pultane var ganske tøffe og praktiske. Det var ei skuff der det var plass til bøker, og ei der det var plass til blekk. I gamle dagar hadde dei ikkje kulepennar, so dei hadde ein slags blyant med ein metallspiss som du dypper ned i blekket. Martha fortalde om læraren som underviste dei. Ho sa at han var ganske snill, men han kunne vere litt streng. Då Martha gjekk på skulen, gjekk dei berre annankvar dag. Vi fekk også lov til å gå opp på loftet av det gamle skulebygget.

cof
Dette er Dana og Gabriel som sit på ved pultane som vart brukt på gamleskulen.

Der var det ikkje so mykje å sjå, men Martha fortalde at dei aldri fekk lov å gå opp der. Då vi var ferdige med den posten gjekk vi litt lengre ned i Svartedalen. Der var det eit bilde av gamle Hyllestad. Det var mange forskjellige ting i eit hus. Til dømes var det butikk nede i først etasje i eit hus, medan folk budde i andre etasje i same huset. I det huset som Martha budde i var det Lensmannskontor og arrest. Neste post var nede ved den gamle dampskipskaia. Der var det eit bilete av korleis det såg ut der før.

oznor
Her er eit bilete av dampskipskaia på Hyllestad.

Dampskipet frakta dyr, fisk og varer til Bergen, men det hadde mange stopp før det. Martha synest det var veldig kjekt når dampskipet kom, fordi då var det mange folk der. Ho likte ikkje måten dei fekk sauene opp i båten på. Dei pleidde å legge dei i ein stor seglduk og so heisa dei sauene opp i båten. Neste post var borte ved kyrkja, der var det eit bilde av nokon som gjekk oppe på Lifjellet. Dei som var på Lifjellet hadde på seg finkle. Det var fordi at i gamle dagar var det sjeldent at dei kunne ta bilete, so dei tok med seg fin-kle og tok dei på seg på toppen. Då vi var ferdig for vi heim.

cof
Her er eit bilde av alle elevane som står i lag med Martha.

Skrive av Sigve Dale, Eirik Dale Salbu og Dana Mirzai

Ein ny 7. klasse begir seg på tidsreise i Kvernsteinsparken

Etter haustferiane starta ein ny 7. klasse i Kvernsteinsparken. Saman med kontaktlæraren sin, Kristian Landro Hjelle, reisar elevane kvar måndag 1000 år tilbake i tid og lever livet som trælar på vikinggarden Myklebust. Å vere nederst på rangstigen i eit samfunn er hardt, men alt håp er ikkje ute: Flittige trælar kan tene seg opp og kanskje til og med bli satt fri ein gong! Følg med på kva elevane opplev på sine tidsreiser!