Vi skal lage eit gjerde av einer slik dei har gjort i uminnelege tider. Men før ein kan byggje, trenge ein materiale. Då lyt ein til skogs.

Einer, også kalla sprakje, har vore brukt til mykje. Hesjestaur, stavar, spaserstokkar, klavar til husdyr og gjerdemateriale er døme på bruksområde. Einene som vi finn denne gongen skal nyttast til gjerde, og det er viktig at ein får samla nok materiale før ein startar å byggje. Dei tynne einene er seige og enkle å bøye, og dei tjukke er egna til gjerdestolpar. Vi må ha nok av begge typane.
Den første gruppa var nede på Nes hos Ole Brekke for å finne einer. Der fann dei ein del, men ikkje så mange som kunne brukast til stolpar. Gruppe nr. 2 drog difor opp i Lia for å sjå om ein kunne finne material som var meir egna til dette.


Når alt materialet var samla, vart det kjørt til Kvernsteinsparken, lasta av og lagt klar til byggjing.