Flatbrødbaking

Tekst: Jarle Tonning Hatløy, Henrik Halnes Nødset og Linnea Avedal Hovland, 7. klasse

I dag var vi i Kvernsteinsparken og baka flatbrød med Solfrid Birkeland frå Åfjorddalens bygdekvinnelag. Vi hadde fleire stasjonar: på den andre stasjonen hogga vi ut steinar til ei skubbekvern, på den tredje forma vi kleberstein til kass figur vi ville, og på den fjerde hadde vi ein quiz.

flatbrod1
Ingrediensane til flatbrød.
flatbrod2
Flatbrødet vart steikt på ei takke.

Quizen handla om kva vi hadde lært i løpet av tida vi har vore i kvernsteinsparken, og laget som vant, var Linnea, Adrian, Vilde og Lance.

Hos Solfrid måtte vi måle opp 150 gram med kveite (grov og sammalt), og ein desiliter vatn og så blanda vi det. Etter det kjevla vi deigen ut slik at han vart veldig tynn og so stekte vi brødet på ei steiketakke.

På den andre gruppa hogga vi ut steinane til skubbekverna.

På stasjon tre jobba vi med kleberstein. Det er ein steintype som er veldig lett å forme. Vi fekk lage våre eigne figurar, akkurat den vi ville ha. Vi fekk mykje utstyr og filer som vi brukte.

flatbrod3
Kjøtet steikast på ein kleberstein i bålet.

Til slutt stekte Per svinekjøt og oksekjøt, og so hadde vi det på flatbrøda ilag med tyttebærsylte og rømme.

Teater!

Tekst: Maylen Hatlem og Tarald Storemyr, 7. klasse Hyllestad

Vi møtte førskulebarna i Storehuset i Kvernsteinsparken. Dei viste oss eit teater som heitte «Steinsuppa». Så lagde dei steinsuppe til oss, som dei faktisk hadde putta ein stein oppi! Til dessert fekk vi riskrem med sirup. Vi har dessverre ikkje lov å vise bilete av førskuleungane, derfor er det ingen bilete av dei med.

20181210_123920
Heile klassen var med på teateret.

Etterpå framførte vi eit skodespel som heitte «Kvernsteins-Knut blir kidnappa». Det var ein gut som heitte Knut som blei kidnappa. Men så klarte han å rømme i eit skip med kvernsteinar, der det var ein olm mann, som sa at han kunne bli med så lenge han jobba. Etterpå kom han trygt heim igjen. Så lekte vi trolltikken med førskulebarna. Der måtte man dra kvarandre i halen for å komme fri.

20181210_142049.jpg
Det er ikkje ofte at ein løyser ein kvernstein!

Etterpå gjorde vi eit eksperiment med dreiekverner der vi ville sjå kor mange omdreiingar vi klarte med ein kvernstein på eitt minutt, mens to andre gutar frå klassen, jobba med å få laus ein kvernstein. Og det klarte dei!

 

 

Utforsking av Marthas Hyllestad

På måndag 3. desember, hadde vi orientering i Hyllestad sentrum. Først så gjekk vi runda sjølv, og etterpå gjekk vi med Franziska og Per Christian, som fortalte oss om postane, og korleis Martha opplevde sin oppvekst i Hyllestad på 1950-talet.

Tekst og bilete: Vilde og Emma, 7. klasse Hyllestad skule

Når Martha var barn var det heilt annerledes i Hyllestad enn i dag, og «gamle» Hyllestad var sentrum. Det var hjarte i Hyllestad.

Vi lærte meir om korleis Hyllestad var før, kva slags kle dei gjekk med, for eksempel på fjellet. I motsetning til oss, hadde dei på seg fine klede når dei gjekk på fjellet.

marthas-hyllestad2
Ved stasjon 8 så vi eit gamalt fotografi som viste korleis folk før i tida gjekk opp på Lihesten: i finklede!

Skulegangen var annleis. Ein lærar underviste i alle fag, og budde rett ved sida av skulen, og barna var meir sjølvstendige. Martha gjekk på gamleskulen i Svartedalen. «Vaskedama» kom alltid før dei, og tente omnen, slik at det var godt og varmt då elevane og læraren kom på skulen. Læraren røykte pipe i friminutta.

Martha var oppvokst i eit raudt hus i Hyllestad sentrum. Huset låg nære kaia der det kom store båtar. Ho hugsar at det kom båtar med bakverk ifrå Sørbøvåg  og at det lukta så godt. Det som ikkje var så gøy var når båten som skulle hente dyr som skulle bli sendt til slaktaren i Bergen, kom. Ho hugsar når bonden og familien skulle sei hadet til dyra sine, det var trist å høyre. Når dei skulle frakte dyra inn i båten, tok dei sauene oppi ein sekk og heisa dei oppi båten med ei stor kran. Ein gang då dei skulle frakte ein okse opp i båten, var den så redd at den hoppa i sjøen, men den svømte inn til land så dei fekk heldigvis den opp att i båten.

marthas-hyllestad1
Ved denne stasjonen ser vi kaia der dampskipa pleide å stoppe før i tida.

På den tida, var det eit stort hus i krysset opp til Svartedalen, men under krigen var det brukt av tyske soldatar, som brukte det til opphaldslokale, men etter krigen blei det eit ungdomshus, der det blei arrangert juletrefestar, dansar, osv.

Då Martha var liten, var Kvernsteinsparken den styggaste plassen i Hyllestad, og det var ei stor myr. Men etter krigen, begynte folk å rydde, og å utforske Kvernsteinsparken, og dei gjorde det om til ein fin plass. Martha hadde aldri trudd at den styggaste plassen i Hyllestad, kunne bli til noko så kjempeflott!

marthas-hyllestad3
Vi stoppa ved minnesmerket for Harald Risnes der Per Christian fortalde om andre verdskrigen.

Jobbe med stein og jarn

39AEBEF0-7710-4684-8285-D2D618BBB46C
Smeden Kjetil Torvund lærte oss å smi.

Tekst: Synne og Jostein, 7. klasse Hyllestad skule

Når vi i 7. klasse var i kvernsteinsparken blei vi delt opp i fire grupper som skulle gjere forskjellige ting.

Smia: Den eine gruppa smidde i smia i parken, med Kjetil Torvund som er ein ekte smed. Han lærte oss korleis vi laga ein krok og korleis ein skal varme jernet. Vi lærte om nokon nye reiskapar og korleis og kva dei brukast til.

E071CF5F-6CEB-4CFB-8287-5521DFA68C81
Alle laga seg ein krok av jarn.

 

 

 

Skodespel: Kvar gruppe lagde ein liten episode som vart sate i saman som eit skodespel. Skodespelet handla om ein gut som heiter Knut som blir bortført på eit skip av nokre store og skumle menn. Han var heilt aleine utan foreldra eller nokon andre.

 

 

Steinhogging: Vi prøvde å løyse kvernsteinen som 10. klasse hadde hogga ut, men vi fekk den ikkje laus. Franziska lærte oss korleis vi skulle hogge ein del av steinen av den delen ein vil ha. Verktøyet vi brukte heite spisshakke.

5C67B042-F0C3-40F3-A31A-7080C96541CD
I steinalderen brukte menneska flint til å lage knivar, økser og anna verktøy.

Flint: Per Christian lærte oss om flint, og korleis vi skulle bruke den. Flinten som vi har i Norge kom frå Danmark i istidene. Vi  oppdaga kor skarp flint er og kor enkelt det er å skjere seg på den.

På besøk hos Åfjordstein

skuleprosjektet-aafjordstein1
Torbjørn Løland viser korleis ein splittar ein stor marmorblokk. Foto: Lance Cadurnigara

I dag var vi på besøk hos Åfjordstein, i verkstaden til Torbjørn Løland for å sjå korleis han jobbar med steinar. Før han blei pensjonert jobba han i Kvernsteinsparken. 

Tekst: Jarle Tonning Hatløy, Patrycja Dembek, Lance Cadurnigara

Først delte vi steinen på den gamle måten. Torbjørn viste dette ved å først lage hol i steinen ved å bruke hammar og meisel, deretter sette vi inn blekke og kile, slik at vi kunne dele steinen. Blekke og kile hjelper ved å gi litt ekstra «styrke» når du skal dele steinen i to. Først tar man blekka i hola, og så tar man kila oppi. Etter det skal man hamre det. Etter kvert man hamrar blekka og kila, forandrar lydane seg. Når trykket er sterk nok blir steinen «sprengt». Man veit aldri korleis steinen kjem til å bli. Alle elevane fekk prøve dette. Torbjørn fekk marmor steinen frå barnehagen.

skuleprosjektet-aafjordstein3
Med lufthammaren laga vi spor i steinen. Foto: Lance Cadurnigara

Etter vi fekk sjå korleis steinane blir knust, var vi delt i 3 grupper. Den eine jobba med korleis vi lagar smykke av stein, den andre lærte å skrive i steinar med ulike maskinar, vi brukte ein lufthammar og den andre blei kalla ein hyler.

Og den tredje gruppa eksperimenterte med steinar, vi fann ut kor mjukt kleberstein, granodioritt, marmor, granatglimmerskifer og konglomerat var ved å skjære dei med knivar, og viss dei hadde fått ein merke skreiv vi at dei var mjuke.

skuleprosjektet-aafjordstein2
Saman med Per Storemyr undersøkte vi ulike typar bergartar. Foto: Lance Cadurnigara

Vi hadde det veldig gøy hos Torbjørn, og lærte veldig mykje. Vi håpar at dykk har fortsatt ein fin dag !

Steinbrota på Sognnes

skuleprosjektet-sognnes-2
Her er nokre bilete av knusemaskinene. Foto: Mailèn Hatlem Engdal.

Måndag 5. november gjekk turen til steinbrotet på Sognnes, der vi vart møtt av Per Inge Oppedal. Han er produksjonsleiar for Veidekket her. Han skulle gje oss omvising der vi skulle få sjå korleis dei knuste store steinar til små stein/grus.

Tekst: Henrik Halnes Nødset, Linnea Avedal Hovland og Mailèn Hatlem Engdal, 7. klasse, Hyllestad

Steinbrotet har vore i drift sidan 1997/98, og Veidekket kjøpte da i 2007. Dei kvernar ca. 400 000 tonn stein pr år. Dei skyter ca. annankvar månad. Dei store steinane blir ofte knust 2-3 gongar. Det jobbar ca. 17 personar i steinbrotet, nokre køyrer lastebil, nokre køyrer dumpers, nokre køyrer gravemaskin og nokre held kontroll i vaktrommet.

skuleprosjektet-sognnes-1
Per Inge Oppedal var vår guide i steinbrota på Sognnes. Foto: Mailèn Hatlem Engdal

Grusen blir brukt til asfalt. Vi såg på asfaltfabrikken. For at asfalten skal produserast må den ha ein varm olje (bitumen) blanda i seg for at den skal vere brukeleg. Dei har ca 30 ulike typar asfalt, alt etter kva den skal brukast til. Grusen blir også transportert til Førde, og blir brukt til asfalt der.

Mykje av asfalten blir frakta med lasteskip som legg til kai nede med sjøen. Det kan skje feil med utstyret når dei skal laste båten, slik at produksjonen blir stoppa . Viss båten leverar for seint, må Veidekke uansett betale for det.

Når vi kom tilbake til Kvernsteinsparken, var Jens Christian Lundeland der, og skulle forklare oss kvifor han var kritisk til at Veidekke sprenger ned fjellet. Han bur i Lifjorden, og der ser ein rett mot det fjellet dei har tenkt å sprenge ned. Viss dei sprenger ned heile fjellet, kjem dei som bur i Lifjorden til å sjå rett ut i Sognefjorden. I 2014 la Veidekke ein plan om å sprenge ned store deler av fjellet, og dei kom med same planar igjen i 2017. i Lifjorden er det ein del som protesterer mot desse planane. Om det skjer vil det kanskje bli mykje støv og støy spesielt retta mot Lifjorden.

skuleprosjektet-listraumen1
Jens Christian Lundeland er kritisk overfor planane til Veidekke om å ta vekk store deler av fjellet. Foto: Mailén Hatlem Engdal

Jens Christian fortel om at det er ein del forutreining frå sprenginga i Listraumen som f.eks.  avrenning  frå sprenginga. Det var og er ein god fiskeplass i Listraumen, og det er ikkje bra for fiskane der med forutreining.

Men Jens Christian legger også vekt på at ei sak har mange sider. Det positive med steinbrota er at vi får grus, asfalt og arbeidsplassar.

 

Reisa frå gamle Europa til gamle Amerika på ein dag

Ein marmorførekomst ved Kvernsteinsparken. Marmor er ein metamorf stein, danna frå kalkstein.
Ein marmorførekomst ved Kvernsteinsparken. Marmor er ein metamorf stein, danna frå kalkstein.

Vi møtte ein geolog (ein geolog kan mykje om stein) som heiter Per Storemyr. Franziska Rüttimann og han viste oss dei tre forskjellige bergartane. Etterpå dro vi på tur til gamle Amerika!

Laga av: Vilde Nordbø, Tarald Storemyr og Adrian Avedal Skaar, 7. klasse, Hyllestad skule

Sedimentære bergartar: sand, grus, leire eller skjell lagrar seg på botnen av havet eller elvar. Magmatiske bergartar: oppstår når magmaen størknar. Metamorfe bergartar: bergartar som vart «forvandla» pga. trykk og/eller varme.

Vi gjekk opp imot Kolgrovheia og til grensa mot gamle Europa og gamle Amerika. Der var det ein gammal fjellkjede for 400 mill. år sidan.

Her er et bilde av den gamle grensa til Amerika og Europa.
Her er et bilde av den gamle grensa mellom Amerika og Europa.

Den heitte den Kaledonske fjellkjede og var høgre enn Himalaya. Men etter kvart tæra det ned og det kom mange ras som førte til at fjellkjeda forsvann. Lihesten er restar etter den. Fjellkjeda brukte 300 mill. år på å forsvinne. Steinen som er på Lifjellet kallar vi for  konglomerat. Det er ein sedimentær bergart.

Etterpå gjekk vi ned ein litt anna veg som førte til ein bekk som det var masse marmor i. Marmor kan brennast til kalk og leskas til mørtel! Vi leska brende stein frå Kvernsteinsparken. Då vart det heitt!

Lesking av brend kalk frå Hyllestad i Kvernsteinsparken. Video: Vilde Nordbø

Så gjekk vi inn igjen i Storehuset og snakka om det som hadde skjedd og som vi synest var gøy!

Lær å ta det perfekte bilde!

Her ser vi David ta bilde av ein elev.
Her ser vi David ta bilde av ein elev.

Då vi var i Kvernsteinsparken 15. oktober lærte fotografen David Zadig oss om korleis vi skal ta gode bilde.

Laga av: Emma Eimind-Thorsnes og Synne Avedal, 7. klasse, Hyllestad skule

Måndag 15. oktober hadde 7. klasse på Hyllestad skule eit fotokurs i Kvernsteinsparken med David Zadig. Han er ein amerikansk profesjonell fotograf.

Her er eit av bilda vi tok. Dette er tatt med fossen i Kvernsteinsparken
Her er eit av bilda vi tok. Dette er tatt med fossen i Kvernsteinsparken

Han lærte oss korleis vi skal ta eit godt og detaljert bilde. David lærte oss mykje om lys, skygge og kor det er bra å ta bilde. Det er best å ta bilde 2 timar før solnedgang, og 2 timar etter soloppgang. Det er best å ha på rutenett (3×3), og aldri zoome med kamera på mobilen, men gå nærmare objektet du tar bilde av. For å få eit anna lys på bilde, kan du bruke kvitt eller svart papir som reflektor. For å få skygge på bilde, kan ein bruke svart papir, og kvitt papir til lys. Du kan også ta aluminiumsfolie rundt ein pappbit for å få annerledes lys. Ikkje bruk blitz på mobilen, for den er for nærme kameraet på mobilar. Då er det betre at nokon andre står med eit lys ved sida av deg. For å få best bilde, er det lurt å bevege seg rundt, og ikkje ta det med ein gong.

Her er vi på leiting i skogen etter gode bilder! :-)
Her er vi på leiting i skogen etter gode bilder! 🙂

Vi gjekk rundt i kvernsteinsparken og såg kor det var fint å ta bilde, og lærte oss korleis vi skulle ta eit bra bilde. David viste oss kor mange forskjellige måtar det er å redigere og ta eit bilde på. Han lærte oss å ta bilde med mobilen, men han anbefalte å ta bilde med kamera, viss du vil ha best kvalitet.

Her er ein  elev modell med trea i Kvernsteinsparken.
Her er ein elev modell med trea i Kvernsteinsparken.

 

Program for hausten 2018

FORSKARGJENGEN – vi utforskar Hyllestad!

forskar2Vi skal finne ut om korleis Hyllestad såg ut før i tida (t.d. for 500 mill år sidan…), kven som budde her i dei siste mange tusen år og kvifor i all verda dei var så steingale! Vi skal observere, intervjue folk, gjere eksperiment, oppsøkje spennande stadar og diskutere i lag. Og så vil vi jo at alle andre får høyre om det vi finn ut! Derfor skal vi ta bilete, skrive og fortelje om alt vi oppdagar. Etter kvar måndag er det to elevar som skal skrive blogg med bilete som skal leggjast ut på nettet. Då kan også foreldra følgje med!

Programmet fram til jul

  • 15.10.: Fotokurs med David Zadig – på engelsk! Dei som har mobiltelefon har lov å bruke han denne dagen. Elles syter skulen for at alle elevar har kamera.
  • 22.10.: Øve på å skrive blogg med bilete og tekst (denne gongen vert vi på skulen)
  • 29.10.: Ekskursjon mot Kolgrovheia (ca. 35 min. ein veg). Korleis såg det ut i Hyllestad for 500 mill. år sidan? Etterpå: Steinlab. Vi undersøkjer ulike typar stein.
  • 5.11.: Stein brukast til å bygge veg! Ekskursjon til dei store steinbrota på Sognnes der det lagast pukk, grus og asfalt. Og vi stoppar i Leirvik og ser på brua og den Trondhjemske Postveg.
  • 12.11: Korleis kan stein jobbast med på moderne vis? Besøk på verkstaden til Torbjørn Løland.
  • 19.11.: Elevfri dag
  • 26.11.: Korleis klarte dei å jobbe og forme stein før i tida? Vi prøver ulike metodar og går også i lære i smia (fordi eit verkty av jarn gjer det ganske mykje lettare å jobbe med stein!). Vårt store prosjekt er å lage våre eigne skubbekverner!
  • 3.12.: Vi utforskar Hyllestad sentrum etter spor frå fortida – det gjeld å finne postane på o-kartet! Og så førebur vi eit lite teater for førskulebarna som kjem på besøk neste gong.
  • 10.12.: No skal vi trene oss i å formidle! Førskulebarna lagar «steinsuppe» til oss og vi «serverer» dei teateret som vi har førebudd. Så jobbar vi vidare med våre skubbekverner og skal prøve oss på å lage steinkvelv.
  • 17.12.: Vi eksperimenterer med skubbe- og handkvern (stemmer det at handkverna er raskare?), vi lærar å lage tynt flatbrød med Anne Berit Lekva – og til slutt skal vi kose oss med kjøt som er steikt på stein!

forskar1Programmet for 2019 vert delt ut i desember.

Klede: Det er ikkje moro å forske når ein fryser og er våt! Derfor må vi kle oss kjempegodt og vere førebudd på regn og kulde.

 

Skuleprosjektet er i gong att!

obelix

Kommunestyret i Hyllestad fatta tidlegare i år vedtak om at ein del av undervisninga på Hyllestad Skule skal vere i Kvernsteinsparken. No er vi i gong! Elevane i 7. klasse får no ein halv dag i Parken kvar måndag. «Forskargjengen – vi utforskar Hyllestad!» er tema for heile hausten og våren med.

Hyllestad er kjend i heile Noreg for sitt skuleprosjekt. I mange år har ein del av undervisninga gått føre seg i Kvernsteinsparken. Her har ungdomane fått lære seg ei rekke fag knytt til bygda si eige historie, ikkje minst den 1300 år gamle kvernsteinshistoria. Sjå om skuleprosjektet her.

På denne nettsida skal elevane snart skrive sine eigne rapportar om kva dei opplev i prosjektet. Det vert mykje moro utover hausten, vinteren og våren!