Stigestrands-Maria

Vi reiste til Stigestrand og gjekk inn i huset som vi så ofte har sett når vi har køyrt forbi på andre sida av elva. Vi har lurt på kven som budde der og korleis dei hadde det.

Vi var og såg Maria huset på Stigestrand. På vegen bort datt ein av oss i gjørma. Det var ein gjørmete traktorveg. Vi har alltid lurt på kva som er der inne og hatt lyst og gå inn dit. Vi kunne ikkje gå inn alle på ein gong so vi måtte gå tre ungar og ein vaksen om gongen fordi det var så råte. Det var to etasjar, mykje rot over alt og vart veldig trangt. Vi fant ei gammal rusten saks, ei medisinflaske, gamle aviser og klede.

cof
Huset til Maria

Maria budde på den ein sida av elva og måtte ta ein pram om ho skulle over til den andre sida. Det var veldig sjelden at ho rodde over på den andre sida av elva (til Foss).

Ho hadde mange dyr og var veldig glad i dei. Kvardagen var vanskelig sidan ho hadde ein fot som var lenger enn den andre. Då var det vanskelig og gå. Når ho skulle gå plassar med lass på vogna til hesten, gjekk hesten først, so kom ho etter, for ho klarte ikkje å gå like fort som den. Ho hadde nok alltid mykje å gjere på med tanke på at det skulle slåast og hesjast slik at dyra kunne ha vinterfôr. Det låg hesjestaurar i kjellaren og me fann ein stuttorv som var slipt så mykje at den nesten ikkje var meir att av.

Maria hadde gikt. Så for å klare å ta seg av dyra i fjøsen om morgonen måtte ho stå opp på natta for å fyre i ovnen og lage seg varme omslag som ho la på der ho verkte. Slik klarte ho å komme seg opp om morgonen og ta fjøs-stellet kvar dag.

rhdr
Ovnen dei lagde mat på?

Maria budde saman med faren sin i mange år, kanskje så lenge som tjue år. Han var svaksynt eller nesten blind. Så ho måtte nok ta seg mykje av han og. Dei heldt seg oppdaterte på det som skjedde ute i den store verda ved å lese aviser (faren abonnerte på Dagen) og høyre på radio. Då me var der fann vi mange gamle aviser mellom anna ei utgave av Aftenposten sitt A-magasinet.

Stigestrands-Maria var religiøs. Fordi gjekk ho nesten alltid kledd i svarte klede. Då ho var yngre gjekk ho frå Stigestranda og opp på bedehuset på Lavikdalen til bedehusforening og sosiale treff der.

Til slutt vart garden kjøpt opp av ein som budde på Nygård. Maria flytta på gamleheim i Høyanger (truleg Lavik). Der hjelpte ho dei som var for gamle, eller av andre grunnar ikkje klarte å skrive så godt, med å skrive brev.

 

Kjelde: Sogeskrift frå Hyllestad 2002. Stigestrands-Maria – ein spesiell livslagnad av Kjell Systad, med nokre tilleggsopplysningar frå Hilmar Nygaard

Skrive av Hedda Sophie Lavik Wilson, Kamilla Nydal Espeland, Aslak Holen Dale og Kristian Landro Hjelle

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s