Bronsesmed Ørjan Engedal

Måndag, 18. mars var vi på besøk hos Ørjan Engedal, som er arkeolog og bronsesmed. Han er ein av dei få bronsesmedane i Noreg. Han brukar jern og bronse, og smeltar det om til nye ting, blant anna duplikatar av ting frå vikingtida.

57203988_2491563067544426_7101175700299710464_n
Her viser Ørjan noko av utstyret han nyttar når han skal bronsestøype. Vi ser blant anna: Ulike typar restemetall, bivoks, harpiks, tørka hjortehud og avstøypingsformer.

Tekst og bilete: Emma Eimind- Thorsnes, Tarald Storemyr, Lance Arian Agno Cadurnigara og Synne Avedal

Der Ørjan bur, har han ein garasje som han har gjort om til ei bronsesmie. Det er meir ein hobby enn jobb, fordi han jobbar som arkeolog, og jobbar mest på kontor. Smelteomnen han har i garasjen, har han laga sjølv. Han hadde mange verktøy som vi har i smia, men og mange andre hjelpemiddel som vi ikkje hadde sett før. Ørjan hadde mange ting der som dei brukte i bronsealderen, som for eksempel bivoks, harpiks, leire og klebersteins-former.

57222717_310035736330108_6901806101558198272_n
Nærbilde av mønsteret på eit sverd som Ørjan har støypt.

Han brukte bivoksen til å lage mønsteret til produktet han skulle lage. Etterpå dekka han bivoksen med leire, og sette den i omnen. Når leira blei hard, hadde bivoksen smelta, og han kunne tømme den ut av leira, han har no ei fin form med fint mønster, av leire.

57374778_629251017523595_4461314085203476480_n
Dette er leiresand som Ørjan brukar til å ta avstøyping av mønstera, som han seinare skal støype til.
57209193_191066295109907_6922302226660589568_n
Her ser vi ei ferdig avstøyping av eit mønster Ørjan skal bruke.

Ørjan viste oss korleis han smelta bronse, og alle førebuingane ein måtte gjere før man begynte å støype. Man måtte passe på at forma sto skikkeleg, og at ingenting låg i vegen når han skulle tømme bronsa over i forma av kleberstein. Vi fekk til og med bollar av han.

56976863_314682295863026_5503051621094916096_n
Medan vi venta på at bronsen skulle smelte, slik at vi fekk sjå ei bronsestøyping, hadde Ørjan baka bollar som vi fekk kose oss med.

Han smir ikkje berre sverd og skjold, men han lagar og drakter av skinn. Han smir mange ting til museum, som vil ha nøyaktige kopiar av ting dei brukte i vikingtida. Han må vere utruleg nøyaktig, og det arbeidet som tok lengst tid, var eit sverd som han nesten brukte eit halvt år på.

56910142_323714431536357_4948850245472616448_n
Her ser vi to bronsesverd som Ørjan har laga.
57154271_2300194633579621_7451174500806164480_n
Handtak på eit sverd, der Ørjan har tvinna tynn kopartråd og sølvtråd, som han har dekorert med.
57049157_390024918505775_3930445359934865408_n
Her ser du ulike spydspissar som Ørjan har støypt og som han skal jobbe vidare med, til ferdige spyd.

Takk for at vi fekk vere på besøk i smia di, Ørjan! 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s