Møllarane Mailén, Linnea, Adrian og Jostein malar korn, hoggar stein og bakar bollar – mat må det bli!

Tekst og bilete: Adrian, Jostein, Mailén og Linnea
Mailén har hatt prosjektarbeid med å male korn med skubbekvern og dreiekvern i 10 minutt per stk. Mens ho held på med det var Adrian, Jostein og Linnea på tur med Torbjørn. Vi gjekk til eit steinbrot som vi har lov til å hogge i. Det var ikkje berre stein, men is. Vi begynnte å hogge i isen, heilt til vi mista ein del av spisshakka. Vi gjekk tilbake til Kvernsteinsparken, så var Mailén ferdig med prosjektet.
Neste gang begynte vi med å presentere det vi gjorde førre gang. Vi fant ut at vi får meir korn av dreiekverna enn skubbekverna. Etterpå lagde vi deilige bollar, med melis, og det var godt. Det tok litt for lang tid å steike bollane, for omnen var ikkje så god. Vi fekk resten av bollane neste dag, og åt dei då.

Neste gang etter der igjen skulle vi finne ut kva som var forskjellen mellom to dreiekverna. Vi var med Jegarane fordi tre av dei var vekke. Då når vi var med dei, skaut vi med pil og boge, og når dei var med oss hogga vi ein stor stein i to med hjelp av boremaskin og blekke og kile. Vi fekk den i to etter ein stund.


PÅ TUR I SKOR
Vi var på tur til Skor i kvernhusa, der vi fekk vite mykje om vasskverna av Sigmund Holten. Vi fekk sjå mykje og lære mykje om det, vi fekk ei avis av Sigmund der det var bilde av kvernhusa i Skor.

Det var litt lite vatn på kverna so den gjekk ikkje rundt. Vi fekk ikkje kverna korn denna gangen. Vi såg og på ei vasssag, men den fungerer ikkje lengre.
Sigmund fortalte om at i 2. verdskrig var han og faren hans nede med vasskvernene, for å kverne korn slik at dei fekk mat – til tross for at dette var forbode av tyskarane! Vasskvernene blir ikkje so mykje brukt til å kverne korn lenger, men det kjem folk og turistar dit for å sjå på dei.
Tusen takk til Sigmund og Jørunn for ei flott omvising!

