Jegarlivet

51649283_1178271505670120_1792490577917378560_n.jpg
Samle kvae for å lage lim til pilen.

No er det ei stund sida vi begynte som jegar. Det har vert veldig gøy. No skal vi fortelje litt om kva vi har lært til no, og kva vi har gjort.

Tekst og bilete: Patrycja, Vilde, Jarle og Henrik

Første gangen lærte vi å tenne bål med flint og stål, det var utfordrande men etter nokre gangar har vi alle fått teken på korleis vi tenner bål på den måten. For å få fyr må du slå med stålet på flinten når du får gnistar har du teknikken, du treng ein kjukesopp som har vert i lut og hamra flat etterpå. Gnisten skal treffe soppen og du ser at det begynne å ryke av den. Så tar vi soppen ned i eit bål og bles på den til det tar fyr.

jarle, patrycja og per christian lagar bål
Med glørne frå eldstålet tenn vi på kjuken (ein sopptype som veks ut frå tre) og trespon. Viss vi er heldige blir det bål!

Vi har og lært å skyte pil og boge. Første gangen var vi ikkje så flinke på det men etter øving har vi alle oppnådd å treffe blinken og dyra mange gongar. Og vi held på med å lage ei pil av hassel tre. Grunnen til at vi brukar hassel og ikkje eit anna tre er fordi hassel er meir bøyeleg og derfor enklare å forme den rett. Vi har vert ute og «henta» kvae som vi smeltar og silar til det blir ein slags mørk klissete «røre». Det brukar vi som lim på pila.

Vi har henta kjukesopp ute på ei død bjørk. Den skar vi ned av treet , og delte den opp. Etter det la vi det i lut. Du må ha kol ifrå bål og ta det oppi vatten og la det stå i ein dag. Etter det sil du det sånn at du ikkje får klumpar i det. Så tar du kjukesoppen oppi og lar det stå par dagar, og så tar du ut soppen og hamrar den flat og la det bli tørt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s