Utforsking av Marthas Hyllestad

På måndag 3. desember, hadde vi orientering i Hyllestad sentrum. Først så gjekk vi runda sjølv, og etterpå gjekk vi med Franziska og Per Christian, som fortalte oss om postane, og korleis Martha opplevde sin oppvekst i Hyllestad på 1950-talet.

Tekst og bilete: Vilde og Emma, 7. klasse Hyllestad skule

Når Martha var barn var det heilt annerledes i Hyllestad enn i dag, og «gamle» Hyllestad var sentrum. Det var hjarte i Hyllestad.

Vi lærte meir om korleis Hyllestad var før, kva slags kle dei gjekk med, for eksempel på fjellet. I motsetning til oss, hadde dei på seg fine klede når dei gjekk på fjellet.

marthas-hyllestad2
Ved stasjon 8 så vi eit gamalt fotografi som viste korleis folk før i tida gjekk opp på Lihesten: i finklede!

Skulegangen var annleis. Ein lærar underviste i alle fag, og budde rett ved sida av skulen, og barna var meir sjølvstendige. Martha gjekk på gamleskulen i Svartedalen. «Vaskedama» kom alltid før dei, og tente omnen, slik at det var godt og varmt då elevane og læraren kom på skulen. Læraren røykte pipe i friminutta.

Martha var oppvokst i eit raudt hus i Hyllestad sentrum. Huset låg nære kaia der det kom store båtar. Ho hugsar at det kom båtar med bakverk ifrå Sørbøvåg  og at det lukta så godt. Det som ikkje var så gøy var når båten som skulle hente dyr som skulle bli sendt til slaktaren i Bergen, kom. Ho hugsar når bonden og familien skulle sei hadet til dyra sine, det var trist å høyre. Når dei skulle frakte dyra inn i båten, tok dei sauene oppi ein sekk og heisa dei oppi båten med ei stor kran. Ein gang då dei skulle frakte ein okse opp i båten, var den så redd at den hoppa i sjøen, men den svømte inn til land så dei fekk heldigvis den opp att i båten.

marthas-hyllestad1
Ved denne stasjonen ser vi kaia der dampskipa pleide å stoppe før i tida.

På den tida, var det eit stort hus i krysset opp til Svartedalen, men under krigen var det brukt av tyske soldatar, som brukte det til opphaldslokale, men etter krigen blei det eit ungdomshus, der det blei arrangert juletrefestar, dansar, osv.

Då Martha var liten, var Kvernsteinsparken den styggaste plassen i Hyllestad, og det var ei stor myr. Men etter krigen, begynte folk å rydde, og å utforske Kvernsteinsparken, og dei gjorde det om til ein fin plass. Martha hadde aldri trudd at den styggaste plassen i Hyllestad, kunne bli til noko så kjempeflott!

marthas-hyllestad3
Vi stoppa ved minnesmerket for Harald Risnes der Per Christian fortalde om andre verdskrigen.
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s