
Måndag 5. november gjekk turen til steinbrotet på Sognnes, der vi vart møtt av Per Inge Oppedal. Han er produksjonsleiar for Veidekket her. Han skulle gje oss omvising der vi skulle få sjå korleis dei knuste store steinar til små stein/grus.
Tekst: Henrik Halnes Nødset, Linnea Avedal Hovland og Mailèn Hatlem Engdal, 7. klasse, Hyllestad
Steinbrotet har vore i drift sidan 1997/98, og Veidekket kjøpte da i 2007. Dei kvernar ca. 400 000 tonn stein pr år. Dei skyter ca. annankvar månad. Dei store steinane blir ofte knust 2-3 gongar. Det jobbar ca. 17 personar i steinbrotet, nokre køyrer lastebil, nokre køyrer dumpers, nokre køyrer gravemaskin og nokre held kontroll i vaktrommet.

Grusen blir brukt til asfalt. Vi såg på asfaltfabrikken. For at asfalten skal produserast må den ha ein varm olje (bitumen) blanda i seg for at den skal vere brukeleg. Dei har ca 30 ulike typar asfalt, alt etter kva den skal brukast til. Grusen blir også transportert til Førde, og blir brukt til asfalt der.
Mykje av asfalten blir frakta med lasteskip som legg til kai nede med sjøen. Det kan skje feil med utstyret når dei skal laste båten, slik at produksjonen blir stoppa . Viss båten leverar for seint, må Veidekke uansett betale for det.
Når vi kom tilbake til Kvernsteinsparken, var Jens Christian Lundeland der, og skulle forklare oss kvifor han var kritisk til at Veidekke sprenger ned fjellet. Han bur i Lifjorden, og der ser ein rett mot det fjellet dei har tenkt å sprenge ned. Viss dei sprenger ned heile fjellet, kjem dei som bur i Lifjorden til å sjå rett ut i Sognefjorden. I 2014 la Veidekke ein plan om å sprenge ned store deler av fjellet, og dei kom med same planar igjen i 2017. i Lifjorden er det ein del som protesterer mot desse planane. Om det skjer vil det kanskje bli mykje støv og støy spesielt retta mot Lifjorden.

Jens Christian fortel om at det er ein del forutreining frå sprenginga i Listraumen som f.eks. avrenning frå sprenginga. Det var og er ein god fiskeplass i Listraumen, og det er ikkje bra for fiskane der med forutreining.
Men Jens Christian legger også vekt på at ei sak har mange sider. Det positive med steinbrota er at vi får grus, asfalt og arbeidsplassar.