
Vi møtte ein geolog (ein geolog kan mykje om stein) som heiter Per Storemyr. Franziska Rüttimann og han viste oss dei tre forskjellige bergartane. Etterpå dro vi på tur til gamle Amerika!
Laga av: Vilde Nordbø, Tarald Storemyr og Adrian Avedal Skaar, 7. klasse, Hyllestad skule
Sedimentære bergartar: sand, grus, leire eller skjell lagrar seg på botnen av havet eller elvar. Magmatiske bergartar: oppstår når magmaen størknar. Metamorfe bergartar: bergartar som vart «forvandla» pga. trykk og/eller varme.
Vi gjekk opp imot Kolgrovheia og til grensa mot gamle Europa og gamle Amerika. Der var det ein gammal fjellkjede for 400 mill. år sidan.

Den heitte den Kaledonske fjellkjede og var høgre enn Himalaya. Men etter kvart tæra det ned og det kom mange ras som førte til at fjellkjeda forsvann. Lihesten er restar etter den. Fjellkjeda brukte 300 mill. år på å forsvinne. Steinen som er på Lifjellet kallar vi for konglomerat. Det er ein sedimentær bergart.
Etterpå gjekk vi ned ein litt anna veg som førte til ein bekk som det var masse marmor i. Marmor kan brennast til kalk og leskas til mørtel! Vi leska brende stein frå Kvernsteinsparken. Då vart det heitt!
Lesking av brend kalk frå Hyllestad i Kvernsteinsparken. Video: Vilde Nordbø
Så gjekk vi inn igjen i Storehuset og snakka om det som hadde skjedd og som vi synest var gøy!