Kommunestyret i Hyllestad fatta tidlegare i år vedtak om at ein del av undervisninga på Hyllestad Skule skal vere i Kvernsteinsparken. No er vi i gong! Elevane i 7. klasse får no ein halv dag i Parken kvar måndag. «Forskargjengen – vi utforskar Hyllestad!» er tema for heile hausten og våren med.
Hyllestad er kjend i heile Noreg for sitt skuleprosjekt. I mange år har ein del av undervisninga gått føre seg i Kvernsteinsparken. Her har ungdomane fått lære seg ei rekke fag knytt til bygda si eige historie, ikkje minst den 1300 år gamle kvernsteinshistoria. Sjå om skuleprosjektet her.
På denne nettsida skal elevane snart skrive sine eigne rapportar om kva dei opplev i prosjektet. Det vert mykje moro utover hausten, vinteren og våren!